Alle selskapa i Hareid Group-konsernet er no samla under same tak, i den praktfulle perla av eit bygg, som ligg midt i smørauget i industriklynga på Raffelneset på Hareid.

– Vi har også flytta heile logistikkapparatet vårt frå Har-eidsmyrane og ned hit, like ved nybygget. Vi har pussa opp og utvida lagerbygget ved sida av tavleverkstaden, slik at logistikken no er mange gonger bete, seier Dyrhol.

Vikebladet Vestposten møter konsernsjefen og tre av hans kollegaer til ein prat i den storslåtte kantina i nybygget. Sitjande midt i rommet, med dei flotte kunstverka signert Håvard Vikhagen hengande på veggane, kan ein lett drøyme seg vekk. Kunstverka utgjer ein serie, der ein følgjer alle fasane i slaget ved Hjørungavåg (900-talet).

Sjå bileteserie frå bygget her.

– Pent bygg

Nett slik som biletserien til Vikhagen, er bygget den heng i av det storslegne slaget. Teikna av sivilarkitekt Ingvill Arhaug Bovill ved Ulsteinvik-baserte Sporstøl Arkitekter AS, er dette eit framtidsretta bygg.

– Faktisk er bygget nesten heilt likt den første visjonen Ingvill og Sporstøl Arkitekter presenterte for oss. Visjonen passa oss godt, seier Trond Welle, dagleg leiar for HG Eiendom AS.

– Det er jo ganske pent, då, skyt konsernsjef Dyrhol inn.

– Og ikkje minst er det funksjonelt, og praktisk, seier Torgeir Vattøy, dagleg leiar for HG Elektro, og Camilla Myrene, kommunikasjonsansvarleg.

Gode erfaringar

Grunnideen var at alle selskapa under Hareid Group-paraplyen skulle få kome saman. Eit halvår etter at dei første tilsette flytta inn i det 2.300 kvadratmeter store bygget, er erfaringane mange, og gode.

– Effekten av at vi har samla oss har vore merkbar, heilt klart. Samspelet er veldig godt, og trivselen høg. Samstundes gir dette bygget oss moglegheita til å vekse vidare inn i framtida, seier Ronald Dyrhol.

Gamlebygget i Hareidsmyrane ligg framleis ute til sal. Noko av arealet er i dag utleigt til anna næringsverksemd, og fleire interessentar har vore på bana for å sikre seg noko av det attståande arealet.

– Det var sjølvsagt trist å flytte frå gamlebygget, men det var heilt naudsynt. Vi hadde vakse ut av det. Så har vi også no fasilitetar som i endå større grad gjer at vi kan knyte til oss endå fleire dyktige medarbeidarar, seier Trond Welle.

For ei grønare framtid

Med eit 1.700 kvadratmeter stort solcelleanlegg på taket og godt isolerte vegger representerer dette bygget framtidas grøne kontorbygg.

– Vi trur vi får ei energiklassifisering på bygget som er så grøn som det er skala til i dag, seier Dyrhol.

Spesielt med dette bygget er også at energibehovet for oppvarming er mindre enn det er for nedkjøling. 20 dagar hittil i år har bygget vore 100 prosent – og vel så det – sjølvforsynt med straum.

– I mars-april neste år har vi truleg berre brukt 60 prosent av det vi på førehand hadde kalkulert som forbruk. Det har med styringssystemet vårt å gjere, korleis ein regulerer varme, lys og ventilasjon. Alle kontora er eigne celler. Til å vere eit så stort bygg er det også ganske spesielt at det er heilelektrisk. Her er ikkje vassboren varme til dømes, seier Torgeir Vattøy.

– Verdifull kompetanse

Kvartetten er ikkje i tvil om at bygget har auka kompetansenivået i verksemda.

– Dette har vore eit svært spanande prosjekt. Det har gitt oss verdfull kompetanse å ut-vikle løysingane som har gjort bygget så grønt. Vi har nytta mange lokale leverandørar og har heile vegen hatt fokus på å gjere dette til eit bygg vi kan trivast i. Det er fantastisk å vere del av noko nytt og friskt, seier Vattøy, Welle, Dyrhol og Myrene.

2017 er spådd å bli verre for den maritime klynga enn 2016. Som ein av underleverandørane til verfta og reiarlaga i regionen merkar også Hareid Group dei tøffe tidene.

– Vi har ein omsetningsdropp i år. Samstundes har vi klart å unngå å seie opp tilsette. Vi har valt å ha is i magen og halde på kompetansen vi har bygd opp. Heldigvis har vi fleire bein å stå på enn innan det maritime, og vi har sikra oss jobb i to år framover. Det er vi nøgde med, og vi ser fram til framhaldet i nyebygget, seier konsernsjefen avslutningsvis.

Her er fire av Hareid Group sine tilsette som har hamna under same tak i det nye praktbygget på Raffelneset. Dei sit her framføre nokre av Håvard Vikhagen sine flotte kunstverk i kantina, som til saman utgjer ein bileteserie frå slaget ved Hjørungavåg. Frå venstre ser vi kommunikasjonsansvarleg Camilla Myrene, dagleg leiar i HG Elektro, Torgeir Vattøy, dagleg leiar i HG Eiendom, Trond Welle og konsernsjef Ronald Dyrhol. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.