Forretningsmannen frå New Zealand har no fått overlevert sin andre superyacht bygd av Kleven Verft. Det spektakulære fartøyet gjekk frå kaia på Kleven Verft i helga, og er no på veg til Tyskland for slutt-utrusting.

- Vi set stor pris på det gode samarbeidet vi har hatt med Hart og teamet hans, og på tilliten som er vist oss ved at dei på kort tid har bygd ikkje berre ein, men to fantastiske fartøy hos Kleven, i eit segment som har vore nytt for oss, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

- Viktige referansar

Fartøyet er av typen MT 5006 MKII ESV (Exploration Support Vessel) frå Marin Teknikk, og er spesielt utvikla for lange ekspedisjonar i røffe farvatn. Søsterskipet, ein 107 meter lang superyacht – også den kalla Ulysses, vart levert til eigaren i august 2015.

- Desse to fartøya har blitt svært viktige referansar for oss i ein ny og spanande marknad, og vi opplever stor merksemd rundt dei, seier Rasmussen.

Overleveringa av det første fartøyet til Graeme Hart i 2015 markerte starten på eit skifte i leveransane frå Kleven. I vel ti år har verftsgruppa, med få unntak, levert offshorefartøy hovudsakleg til norske eigarar.

Kleven har no ei differensiert ordrebok, med fartøy til fleire ulike segment: hurtigruteskip, fiskefartøy, ankerhandteringsfartøy, kabelleggingsfartøy, brønnbåtar, hybridferjer og ein slaktebåt.