Rafat og broren Mostafa dreiv Aladdin Pizzeria ut sommaren i år, men då Rafat fekk tilbod om å kjøpe lokala til Den Gamle Nabo, som var ein del større, slo han til.

– Vi har jobba med dette ei stund no, og frå og med 1. november har vi drive restaurant og selskapslokale her, seier Rafat Ghazi til Vikebladet Vestposten.

Gav lokala eit fjesløft

Lokala i Snorrebuda passar ypparleg for det konseptet Rafat og dei tilsette ønskjer for Den Gamle Nabo. Namnet blir det same inntil nyttår, for over nyåret vil det bli nytt namn og nyopning. Mykje anna kjem til og har allereie skjedd i forhold til drifta.

– Restauranten var nyoppussa av førre eigar, medan vi no har pussa opp og tatt i bruk selskapslokala lenger inne i bygget. Vi har også fått på plass ein del nye møblar, seier Ghazi.

Diskoteket i andreetasjen har også fått seg eit løft, med ny scene og DJ-boks på plass.

– Eg er godt nøgd med korleis det har blitt, og eg er sikker på at vi vil kunne klare å få endå fleire kjende artistar hit, seier Rafat Ghazi.

Booka ein månad framover

Selskapslokala er rigga til med eigen bar, der ein til dømes kan betale litt ekstra for å få med eigen servitør.

Her vil det også bli mogleg å sjå fotballkampar og andre sportssendingar framover.

– Vi har faktisk fylt opp lokala for nesten ein månad framover, med selskap, firmafestar og julebord og det er heilt supert, seier Ghazi.

Rafat og dei andre ved Den Gamle Nabo har trua på å gjenreise litt meir av nattelivet i Ulsteinvik, slik dei meiner det var for nokre år tilbake.

– Det har blitt litt keisamt i helgene dei siste åra, og det veit eg det er mange med meg som føler. Vi ønskjer å få folk ut igjen, og inn på dansegolvet, og difor prøver vi no å trekkje til oss større namn på artistsida, som forhåpentlegvis kan vere med på å løfte nattelivet i Ulsteinvik igjen.

No er mellom anna Cascada, den verdskjende tyske dance-gruppa, booka inn.

– Dette trur eg blir veldig, veldig bra, seier Rafat Ghazi til slutt.