Begge to kjenner den maritime klynga betre enn dei fleste. Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, og Terje Høybakk, dagleg leiar i Mafoss (Maritim Foreining for Søre Sunnmøre), har også sine eigne tankar om kva 2016 blei til, og kva 2017 kan bringe.

– Ved inngangen til året trudde vi at dette kom til å bli eit vanskeleg år. Det har det for så vidt også vore, men når vi no byrjar å summere opp, har det blitt betre enn kva vi kunne frykte for bedriftene og dei tilsette. Eg trur vi vil gå ut av 2016 med fleire positive inntrykk enn vi frykta på førehand, seier Terje Høybakk.

– Det er sjølvsagt beintøft for dei som no ikkje har jobb lenger, er permitterte eller nettopp er ferdige med ei utdanning og ikkje får seg jobb. No ser vi diverre at fleire av reiarlaga som er ein del av vår medlemsmasse slit med høg gjeld og mange båtar i opplag. Av 150 båtar i opplag langs Norskekysten er nærare 30 prosent av dei sunnmørsbåtar. Men, eg trur reiarlaga vil «stå han av», seier Arnfinn Ingjerd.

Kompetanseheving

Medan Maritim Forum Nordvest representerer den maritime næringa i fylket i sin heilskap, representerer Mafoss den maritime industrien på Søre Sunnmøre, og då først og fremst verfts- og leverandørindustrien i området. Terje Høybakk ser veldig gledeleg på at mange som har mista jobbane sine har kome seg på kompetansehevande tiltak. Han gler seg også over at dei som har funne seg nye jobbar, har funne dei innafor same næringa.

– Ifølgje statistikkane har mange av dei som har blitt oppsagde funne seg interessante jobbar her i området også, noko som er veldig godt å vite. Å halde kompetansen i området er svært viktig, seier Høybakk.

– 2016 viser også sunnmøringen på sitt beste. Når ein støyter på eit problem, så legg ein seg ikkje bakpå og ropar på Staten. Ein står heller på og prøver å løyse det sjølv. Eit stort pågangsmot ligg i ryggmergen til sunnmøringen. Mislykkast ein i å få til noko, prøver ein igjen. Ein kunne lett gått inn i ein depresjon, men det har ein ikkje gjort på Søre Sunnmøre. Ein har tatt naudsynte grep, men også vore framoverlente, seier Arnfinn Ingjerd.

Havila, eit kjempeeksempel

Å stå gjennom stormen er også noko sunnmøringar er flinke til, meiner Ingjerd og Høybakk. Nokre har diverre måtte bukke under, medan andre redda seg i tolvte time.

– Sjå berre på Havila. Det at Havila no truleg er redda fram mot 2020 betyr utruleg mykje for heile regionen. Sjå berre på smila og gleda eigarane, far og son Sævik (Per og Njål) viste berre dagar etter at dei såg svært uroa ut, før dei skulle i møte med obligasjonseigarane igjen. Hardt arbeid og tru på framtida har sikra Havila dei neste åra, seier Terje Høybakk.

– 2016 har vore prega av hardt arbeid, og vonde og naudsynte tiltak. Men sunnmøringane har som sagt ein stå-på-vilje som er heilt enorm, seier Ingjerd.

Nok eit tøft år i vente

2017 blir også eit tøft år meiner dei to. Sjølv om det er nærast umogleg å spå framtida, meiner både Ingjerd og Høybakk at regionen vil få merke tidene hardt også neste år.

– For nokon blir kanskje 2017 endå tøffare enn 2016. Men, haldninga rundt «forbi» er at botnen er i ferd med å bli nådd. Det er mellom anna knytt uvisse til kva som skjer med Rolls-Royce, som har signalisert at dei kan kome til å kutte i talet på tilsette, men samstundes vil satse i Ulsteinvik. For reiarlaga er det tvilsamt at vi vil sjå ein oppgang neste år, for verfta, kanskje. Det er veldig vanskeleg å seie, seier Arnfinn Ingjerd.

– Reiarlaga kjem til å slite også neste år, noko til dømes Havila har uttalt. Men, fleire undersøkingar den siste tida viser at vi truleg har nådd botnen no, seier Terje Høybakk.

Han fortel så at verftsbransjen no har lukkast i å omstille seg til andre marknadar, slik at ein ikkje lenger er like avhengige av offshore.

– Det ligg mange spanande ting framføre oss. Statsbudsjettet blei endeleg vedteke, og der står det at det skal byggast tre kystvaktskip. Så skal det skiftast ut endå fleire ferjer, i tillegg til dei som skal byggast. Norske verft kjem til å stille sterkt i konkurransen om båtar i mange segment, også innan cruise. Dei små og mellomstore underleverandørane kan få ein tung periode framover, men også dei vil hente seg inn igjen etter kvart, seier Høybakk.

– Superoptimist

Både Ingjerd og Høybakk vil rose Kleven, Ulstein og andre store og mindre industriaktørar i regionen, samt reiarlaga, for å vere standhaftige.

– Det vil betale seg i lengda. At det kjem ein opptur er vi heilt sikre på. Men vi kjem ikkje, i uoverskodeleg framtid, tilbake til boomen vi såg toppen på i 2013, seier Terje Høybakk.

– Eg er superoptimist på lengre sikt. Kloden treng mat, energi, mineral og nye opplevingar. Havet er svaret på myk-je av dette. 90 prosent av havet er ikkje utforska, der er enorme moglegheiter. Vi i denne regionen ligg no godt posisjonerte til å vere med på denne utforskinga. Den andre grunnen til at eg er optimist, er at det vil kome auka leiteaktivitet offshore. At det blir leita for lite er dei fleste einige i, seier Arnfinn Ingjerd og legg til:

– Havnæringane kjem til å vekse samla sett i åra som kjem. Dei er framtida.