2016 var eit spanande år på gründer- og nyskapingsfronten ved hoppid.no sitt kontor i Ulsteinvik, der ein finn Robert Voldnes, som er rådgjevar for Hareid, Ulstein og Herøy.

- Når eg no har sett gjennom listene mine for 2016 var kom det fram 19 nye idear frå Hareid, 42 frå Ulstein, og 45 frå Herøy. I alt 106 nye, spanande idear. I 2015 loggførte eg 116-117 idear. Det er med andre ord ganske jamt med året før, seier Voldnes og legg til:

- Men, det er likevel ein forskjell på 2016 og 2015. Vi hadde fleire inkubatoravtalar i 2016, noko som betyr at vi hadde fleire prosjekt som vi har stor tru på vil kunne vekse seg inn i marknaden, og ikkje minst sysselsetje folk, i framtida. Vi har no inkubatoravtalar for prosjekt innan IT, prosjektutvikling, maritime produkt, produktutvikling innanfor olje- og gass, landbasert industri, produkt til landbruket, oppdrett og sjømatproduksjon. Det er mykje spanande som skjer, både på gründerfronten og innan knoppskyting-segmentet.

Høg aktivitet

Denne miksen viser at det ikkje berre handlar om olje og gass lenger. Som hoppid.no-rådgjevar har Voldnes som sagt ansvar for Hareid, Ulstein og Herøy, samt enkeltprosjekt også i Sande. Men som inkubatoransvarleg har han også kontroll på Volda, Ørsta og Vanylven.

- Hit til meg i Ulsteinvik kjem det folk frå alle sju kommunane. Det har vore høg aktivitet, seier Voldnes.

To nyskapingsdagar har også blitt arrangert. Den eine i Ulsteinvik i haust, om design og korleis ein kan beskytte produkta sine. Den andre i Ørsta, på vårparten, med fokus på kortreist mat, reiseliv og opplevingar.

- Hoppid.no-kontoret her har hatt ein jamn straum med potensielle gründerar og bedrifter som vil starte på nye prosjekt (knoppskyting), og det er vi godt nøgde med.

Positivisme

Det er ikkje til å kome vekk i frå at tidene er svært tøffe i regionen, spesielt innan den maritime sektoren. Mange har spådd at 2017 vil bli nok eit knalltøft år.

- Då er det ekstra kjekt at såpass mange oppsøkjer oss og har gode idear til korleis ein kan skape nye arbeidsplassar, innanfor mange ulike segment. Vi er her, og ønskjer at dei som har ein god idé, kjem til oss.

Forsiktig generasjon

Sunnmøringar har i lange tider vore kjent for gründerverksemd, og det å lage gull av gråstein. Voldnes trur den oppveksande generasjonen, men ikkje berre sunnmøringane, no er litt forsiktige, og kanskje ikkje torer å risikere for mykje.

- Det er ikkje berre, berre å peise på i dag. Ting endrar seg raskare no enn før, blant anna med innføringa av mykje ny teknologi på mange frontar. Startar ein opp noko, så vips, er det plutseleg andre som lagar det same, seier Voldnes.

Mykje spanande

Rådgjevaren reknar med at fleire av prosjekta han er rådgjevar for får, og må få, eit gjennombrot i 2017.

- Timeglasset kan renne ut. Ein må vere utolmodig, og jobbe på for å komme inn på marknaden, seier Voldnes.

Han har sjølv vore verftseigar- og drivar, og meiner spesielt dei lokale verfta har vore flinke til å tilpasse seg den tøffe situasjonen.

- Eg trur 2017 blir eit spanande år for Sunnmøre og heile Vestlandet. Både for eksisterande og nye verksemder, seier Robert Voldnes til slutt.