Stokkevåg har bakgrunn som riggmekanikar i Nordsjøen. Men som så mange andre i oljebransjen mista han jobben. Då starta han opp eige firma: Stokkevåg spyleservice.

Idéen om å starte eige firma har vore der ei stund. Tidlegare arbeidde han også som gravemaskinførar og såg då eit behov for inspeksjon, lokalisering og spyling av rør. Han kjøpte inn spylebil og kamerautstyr og starta opp firmaet i juni i fjor. Kundane har ikkje førebels strøyme på, men det er stadig fleire som kjenner til kva han kan tilby, og tar han i bruk. Han har laga seg ein treårsplan, og er i rute.

Allsidig

Stokkevåg satsar på å vere allsidig.

Han tilbyr til dømes rør-inspeksjon. Då fører han eit kamera inn i røra. Kameraet syner tilstanden i røra. På denne måten kan ein inspisere dreneringsrør, kloakkrør eller avløpsrør. Om det viser seg at røra er tette, kan Stokkevåg løyse problemet.

Han driv også spyling av rør. Då nyttar han ulike spyledyser alt etter kva som trengst. Rørspyling kan vere nyttig for å vedlikehalde rør, tette stikkrenner eller attgrodde vassrør. Om ein treng å lokalisere rør i bakken, har Stokkevåg utstyr til å finne ut kvar røra ligg. På den måten slepp ein å grave opp heile hagen. Stokkevåg tilbyr også spyling av uteområde som innkøyrsel, husmur, fasade- og takvask.

– Lurt å vere føre var

– Folk er lite flinke til å tenkje på og vedlikehalde dreneringa rundt bustaden, seier Stokkevåg.

Det synest han dei bør bli flinkare til, for det kan løne seg. Ein inspeksjon av han kan vere ei billeg forsikring for å sjekke om dreneringa er open og fungerer som ho skal. Ein inspeksjon vil kunne avdekke eventuelle små problem som på eit tidleg tidspunkt kan vere mogleg å utbetre før dei blir større og meir kostnadskrevjande.

– Det er lurt å vite tilstanden og vere føre var, meiner Stokkevåg.

Typiske problem ved dreneringa han har sett siste halvåret er til dømes sand av takstein i røra, røter som har vakse inn i røra, lauv som tettar røra og flatklemte rør. På nye hus kan det vere lurt å inspisere dreneringa medan ein har garanti og reklamasjonsrett, om det er noko gale.

<strong>Kamera:</strong> Jonny Stokkevåg stikk ned eit kamera på ein slange for å inspisere rør. På ein liten skjerm i kofferten ser han tilstanden inni røra.