Forsvarsmateriell har invitert seks norske verft om å levere anbod på bygginga av tre nye kystvaktskip, som skal vere ferdige i 2022. Etter spesifikasjonen skal skipa ha dieselelektrisk framdrift og byggjast for ekstreme isforhold.

Administrande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri reagerer på at Forsvarsmateriell ikkje er meir open for ny norskutvikla teknologi, mellom anna framdriftssystem basert på gass- og hybridløysingar.

– Det er hårreisande at Forsvarsmateriell ikkje ber om «state of the art», men byggjer på 2013-spesifikasjonar, seier Lier-Hansen til Teknisk Ukeblad.

Han åtvarar Forsvaret mot å velje løysingar som berre er "bra nok". I staden bør kystvaktskipa få det aller beste som det norske maritime klusteret kan by på, meiner han.

– Dette kan vere eit utstillingsvindauge for norsk teknologi. Det blir lagt godt merke til kva Kystvakta vel. Det kan gi verdifulle eksportmoglegheiter for norsk industri, seier Lier-Hansen.

Prosjektleiar Odd Magne Nilsen i Forsvarsmateriell seier på si side at dei er opne for at verfta går vekk frå konseptet frå 2013, så lange tilboda deira oppfyller dei operative behova til Sjøforsvaret og Kystvakta.

– Kravspesifikasjonen er i stor grad basert på reine sivile klassenotasjonar og skrive slik at tilbydaren fritt kan utnytte eigen spisskompetanse, skriv Nilsen i ein e-post til bladet.

Men at skipa skal ha dieselelektrisk framdrift, står fast, ifølgje Nilsen.

Dei seks verfta som no har fått kravspesifikasjonen til skipa, er Westcon Yards, Fitjar Mekaniske Verksted, Havyard Ship Technology, Ulstein Verft, Kleven Maritime og Vard Langsten.