Matroselevane ved Herøy vgs er nøgde med vekene til sjøs.

- Kartet stemte bra med terrenget, for å seie det slik. Vi lærte på skulen det som vi fekk arbeide mykje med på båt, ute til sjøs, kjem det spontant frå eit par av elevane.- Svært interessant og lærerikt, og vi har lært mykje om matrosfaget, fortel Jonas Kleven. Kvart år får Herøy vgs sine maskinistelevar og matroselevar på Vg2 høve til fire, fem veker arbeidserfaring på båt.I desse litt tøffare offshore-tider var det slett ingen sjølvfølgje at det skulle late seg gjere, men det gode samarbeidet mellom skulen og mange lokale reiarlag, gjorde heldigvis susen også for årets maritime elevar, heiter det i ei pressemelding frå Herøy vidaregåande skule.

Fekk oppleve livet til sjøs

Elevane arbeidde godt i lag med mannskapa og lærte om kvardagen ute på havet.

- Generelt har det kome gode tilbakemeldingar på elevane, og dei har fått gode skotsmål etter fullført utplassering. Som skule vil vi gjerne nytte sjansen til å takke alle reiarlaga som stilte opp for oss i år også. Eg vil gjerne få rose elevane og eg er imponert over arbeidsoppgåvene som dei har levert, fortel lærar Bodvar Skrede.

Dei 14 matroselevane har lært mykje om bord skip tilhøyrande Havila, Farstad, Olympic, Island, REM / Solstad, Remøy Shipping, Norsk Fisketransport og Sølvtrans. Dei fire eller fem arbeidsvekene har vore topp lærdom å ta med seg inn mot innspurten av skuleåret.

Kjekt mannskap

Jonas Kleven frå Ulstein (Island Chieftain), Marcus Dybvik Aas frå Tjørvåg (Kystvakta K/V Bergen) og Robert Muren frå Gjerdsvika (Havtrans / Norsk Fisketransport) har mykje positivt å seie om sine erfaringar.

- Mannskapet var veldig greie og var flinke å lære frå seg slik at vi fekk tileigna oss kunnskap, fortel Jonas.- Vi fekk eit godt innblikk i sjølivet og fekk gjere mange spennande oppgåver i forskjellig vêr, sjølv om Havtrans for det meste gjekk i fjordane i Nord-Trøndelag. Det var lett å bli kjende med mannskapet, noko som også var ei nyttig erfaring, seier Robert.

- Følte meg som ein av dei

- Eg fekk ta del i mange varierte oppgåver, mellom anna søk- og redningsoppdrag, søk etter personar i sjøen og situasjonar med nødbluss. Eg hadde bruvakt-teneste og vanlege malingsoppdrag som matrosar ofte må gjere. Der var 28 personar om bord K/V Bergen, fleire av dei vernepliktig befal. Eg følte meg som ein del av crewet, fortel Marcus.