– Det er gjerne eldre folk som kjem hit for å skaffe seg ein DAB-radio no. Dei yngre generasjonane har for det meste sikra seg nytt utstyr der DAB og DAB + er integrert. Dei eldre som kjem til meg og mine kollegaer ønskjer gjerne litt enklare typar radioar, med få knappar. Gjerne volumknapp der ein skrur på radioen samstundes. Dei radioane går spesielt raskt, seier seljar ved Elkjøp-butikken på Blåhuset i Ulsteinvik, Bendik Elvanes, til Vikebladet Vestposten.

Vil ha «retrolooken»

Bendik Elvanes fortel at mange også er ute etter radioane som minner om gamledagar.

– Vi ser heilt klart at folk er på jakt etter radioar med den såkalla «retrolooken». Gjerne dei som er laga med fine material, som har reine linjer og som er like dei gamle klassiske typane folk hadde i heimane sine. Enkelte typar blir jo meir som eit møbel.

Elvanes og dei andre på Elkjøp ser også ein annan trend.

– Mange ønskjer å anten skaffe seg sjølv, eller gi andre i gåve, internettradioar. Fordelen med internettradioar er at ein får inn endå fleire kanalar enn med ein radio som har DAB +. Men, ved eventuelle straumbrot er DAB-nettet betre. Vi ser nok mest utlendingar som er på jakt etter desse, då det er mogleg å få inn kanalar frå heimlanda deira.

Enorm pågang

FM-nettet blir kutta 8. februar i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka. Difor er det no ein storm av folk som vil skaffe seg ein ny radio før den tid kjem. Det merkast godt, fortel Bendik Elvanes.

– Vi rekk knappast å rydde inn i hylla før radioane går ut igjen. Vi fekk inn ti stykk rimelege DAB+-radioar i helga, og dei er snart utselde igjen. Vi sel ti DAB-radioar per dag, det er ganske fascinerande, seier Elvanes.

Seljaren fortel at mange har lagt av radioar gjennom nettsida til Ekjøp, og at mange hentar i butikken.

– Så ser vi også at mange ønskjer å oppgradere radioane i bilane sine, og stereoanlegga i husa sine, så vi sel også ein del adapterar.

Elvanes rår avslutningsvis folk som ikkje er sikre på korleis dei skal montere adapterane sine, og elles dei som lurer på noko knytt til DAB-teknologien, til å kontakte NRK gjennom deira nettside nrk.no/dab.