- Vestlandet treng ein lokal forretningsbank som forstår vestlandsk næringsliv, satsar på dette og gjer avgjersler lokalt, seier administrerande direktør og initiativtakar til Nordsjøbanken, Christian Ravnå, til Vikebladet Vestposten.

Nordsjøbanken skal vere ein regional forretningsbank med nedslagsfelt på vestlandskysten.

- Det er ein prosjektfokusert bank for heile Vestlandet, det gamle Vestlandet, det vil seie Møre til Agder. Vi ønskjer å vere spesialistar på bankhandverket. Vi skal ikkje berre konsentrer oss om éi nisje, vi vil vere til stades innan felt som til dømes handel, industri og shipping, seier Ravnå og legg til:

- Om ein kan det ein held på med, og kjenner marknaden litt betre enn andre, så kan ein også ta ein litt annan type risiko enn andre bankar. Det er ofte lange beslutningsvegar innanfor bankane vi ser i dag. Vi kan både bank, kysten og næringane langs kysten, så vi trur dette blir veldig bra.

Lang erfaring frå bank

Styreleiar i Nordsjøbanken er Leif Holst, som har ei rekkje styreverv innan shipping, offshore, forvalting, bank, fisk og eigedom. Han har vore administrerande direktør i Neumann-gruppen, Norges Hypotekinstitutt og Investa Shipping, samt styreleiar i Holberg Fondene.

Administrerande direktør Christian Ravnå har lang erfaring frå banknæringa, frå selskap som DVB bank, Handelsbanken og Bergensbanken. Med seg i styret har dei fleire personar med lang og god erfaring. Dei øvrige i styret er Birgitte W. Johannesen, Haakon Blaauw, Bjørn Eie Henriksen og Britt Mjellem.

Direktøren fortel at Nordsjøbanken mellom anna har som mål å utvide styret ytterlegare, og då mellom anna med ein sentral person frå næringane på Sunnmøre.

- Effektiv og rask bank

Bankdirektøren fortel at Nordsjøbank har som mål å gjere gode bankforretningar innanfor mange segment.

- Vi ser for oss eit visst tilfang, i og med at vi er prosjektbasert. Dei minste kundane vil nok ikkje vere mest attraktive for oss, vi vil nok ha prosjekt på 10-20 millionar kroner og oppover. Så ser vi for oss ei kapasitetsgrense på 100 milionar kroner maksimalt før vi går inn i samarbeid med andre bankar. Når det til dømes gjeld den maritime næringa, ser vi føre oss å bli med på å finansiere gode nybyggprosjekt, seier Christian Ravnå.

Ravnå seier at Nordsjøbanken skal vere raskare enn andre bankar når det kjem til viktige avklaringar.

- Vi ønskjer å vere ein effektiv og rask bank. Går du som bedriftseigar til ein bank i dag kan det ta 12 veker å få igjennom finansiering eller ei kredittsak. Vi skjønar ikkje kvifor det skal ta så lang tid, og meiner at ein bør kunne behandle ei kredittsak innan ei vekes tid. Vi vil handsame kvart proisjekt for seg sjølv, og prioritere det, før vi gir eit kvalifisert svar.

Har vore i regionen - skal tilbake

Direktøren fortel at den nystarta banken har vore to runder i regionen kring Ulsteinvik og snakka med gode potensielle kundar og investorar.

- Heimemarknaden vår vil vere heile Vestlandet, og difor ønskjer vi å knyte til oss vestlandsbedrifter. Vi skal vere til stades, Vog ønskjer ein brei vestlandsk eigarbase.

Ein bank for Vestlandet

Ravnås var hovudinitiativtakaren bak Nordsjøbanken, og såg at det ville vere behov for eit slikt bankprosjekt.

- Bakgrunnnen for at dette blei noko av er at eg har vore mange år i bank, slik som også mange av dei andre initiativtakarane har. Vi har sett at den næringa med typen bankar som dei regionale forretningsbankane ein gong var, der er det i dag ledig plass. Det er eit godt tidspunkt å satse på, mange bransjar er no i botnen av ein syklus. Det er heller ikkje så stor konkurranse innanfor dette segmentet. Bankar har i dag anten blitt internasjonale, eller mista fokus på det lokale. Vi trur at bank er lokalt, seier Ravnås og legg til:

- Ein forretningsbank som kan ta risiko, trur eg er viktig for næringslivet, både på Møre og heilt ned til og med Agder-fylka. Reint næringspolitisk er dette eit prosjekt for alle som heiar på Vestlandet. Dette vil også vere ein god reiskap for Vestlandet.

Christian Ravnå, administrerande direktør i Nordsjøbanken. Foto: Privat.