Havila Shipping ASA har inngått avtale med Haugesund-selskapet Reach Subsea ASA for subsea-fartøyet Havila Subsea i tre år. Avtalen opnar samstundes for å forlenge med til saman to år. Med denne kontrakten har Fosnavåg-reiarlaget fått eitt av sine mest verdifulle skip ut av opplag.

Havila Subsea vil vere klart til operasjon i løpet av mars.

Nøgd direktør

Administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping er nøgd med at dei har klart å skaffe arbeid for dette viktige skipet i Havila-flåten:

- Eg er godt nøgd med å få på plass denne kontrakten. Det er ikkje mange subsea-kontraktar i marknaden for tida. I ei tid då marknaden fløymer over av ledige skip, blir eit av Havila Shipping sine viktigaste skip tildelt ei slik kontrakt. Det seier noko om kvaliteten på skipet, skipseigar, men også om kvaliteten på våre mannskap, seier administrerande direktør Njål Sævik i ei pressemelding frå reiarlaget.