Havila Subsea går frå eitt år i opplag til ein langvarig kontrakt med Reach Subsea ASA. Avtalen for subseafartøyet er på heile tre år, som er mykje, sett i lys av dagens situasjon. Avtalen omfattar også to opsjonsperiodar på eitt år kvar.

Les også: Haugesund-reiarlag leiger Havila Subsea

Rundt tredve sjøfolk er behovet til dei to skifta til båten, og det er stor grunn til å tru at Havila hentar inn så mange som mogleg av desse frå eigne rekkjer, av dei som no er permitterte.

Havila har no åtte skip i opplag, etter at det blei klart at Havila Subsea skal ut i oppdrag igjen.