Fartøyet, som blei bygd i 2007 og døypt av gudmor Inger Ulstein, har vore i opplag ei stund. I skrivande stund er skipet på veg til Florø, men det skal så vidare ut på jobb for Statoil. Island Vanguard skal vere med på arbeidet med å flytte Bideford Dolphin-riggen. Det skriv Maritime.no. (Abonnement).

Administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, kommenterer til Maritime.no at han er glad for at permitterte sjøfolk får jobb igjen.

- Det er diverre for tidleg å seie om dette representerer nokon oppgang i marknaden, sidan det er på denne tida jobb for sommarsesongen blir tildelt. Men det er uansett gledeleg at båtane kjem i drift og at permittert personell kjem i arbeid, seier Ulstein.

Mykje spanande framover.

Direktøren seier derimot ikkje noko om kor mange som får komme i arbeid igjen. Det han seier noko om, er at reiarlaget ser ut til å sikre seg kontraktar også for andre båtar framover. Island Valiant er i likskap med Island Vanguard på jobb i spotmarknaden, og får ein 50-90 dagar lang jobb til sommaren. Island Wellserver og Island Frontier, begge brønnintervensjonsskip, vil starte å jobbe for Statoil 1. april, og har 200 dagar med jobb. I tillegg vil Island Empress jobbe vidare med Peterson i Nederland.