Den prislønte teiknaren Øystein Runde frå Ulsteinvik står for designen på etiketten til den nye øltypen frå økobryggeriet Grim & Gryt, eit svart indiaøl (IPA). Faktisk vann hareidsbryggeriet eit anbod hos Vinmonopolet (partiutvalet), på dette ølet. No har «Den nye oljen», som øla skal heite, blitt lansert over heile landet, i alle 110 utsala til Vinmonopolet. Bryggeriet produserte opp nokre hundre liter meir enn anbodet var på, men berre to veker etter lanseringa kjøpte Vinmonopolet resten.

– Vi har alltid hatt lyst til å lage denne øltypen. Så vann vi anbodet, noko som var veldig gledeleg. I tillegg fekk øla god omtale på Apéritif sine nettsider, der den blei kalla for ei smaksbombe, seier Andreas Grimstad.

Sjølve namnet på den nye typen kom ikkje tilfeldig.

– Namnet fekk vi inspirasjonen til gjennom ein artikkel som handla om nedgangstidene vi er inne i, og kva vi skal leve av etter oljen. Vel, her er vårt forslag, seier Grimstad og held opp ei flaske med «Den nye oljen.

Det har blomstra med nye mikrobryggeri over heile landet dei siste åra, men Andreas Grimstad merkar at marknaden byrjar å bli metta.

– Nokre vil forsvinne, og andre vil kome til. Det blir nok ein god balanse med tida, seier han.

Ønskjer å bikke 30.000 liter

Saman med kollegaen og medgründeren Øyvind Grimstad Gryt produserte Andreas Grimstad 20.000 liter øl i 2016, og 16.000 i 2015.

– Vi var bryggeriet med den 11. største veksten i fjor. I år er målet å bikke 30.000, men går vi 10.000 over det har vi verkeleg gjort det, seier Grimstad.

Håpet er å klare eit såpass godt sal at ein kan få overskot etter driftskostnadane er trekt ifrå.

Frå Rolls-Royce til ølbrygging

Også i samband med dei tøffe tidene innan oljenæringa, har mange i nærområdet mista jobbane sine. Ein av desse er Vegard Dimmen, som inntil nyleg jobba som industrimekanikar ved Rolls-Royce sine avdelingar i Hjørungavåg og Brattvåg. Som ny tilsett hos Grim & Gryt har han fått ein ny start.

– Eg har brygga for meg sjølv sidan i 2012. Rundt 180 brygg har det blitt. Eg kjente karane frå før, og då spørsmålet kom var eg ikkje vond å be. Dette var ei moglegheit eg berre måtte slå til på, eg følgde hjartet mitt. Så var det sjølvsagt veldig kjekt å komme i arbeid igjen når eg hadde blitt arbeidsledig, seier Dimmen.

Andreas Grimstad fortel at Robert Skulstad, ein tidlegare tilsett, gjekk over i ny stilling ved NTNU i Ålesund. Då kom ideen om å kontakte Vegard, som dei kjente til frå før.

– Vi har smakt på øla han har laga, og han har smakt på vår, og vi såg at dette var ein som kunne brygging. Då han blei arbeidsledig var vi på ballen raskt, og no er han her hos oss. Det er vi godt nøgde med. Han blir ein flott ressurs for oss, og han får også setje sitt preg på produksjonen med tida, seier Grimstad.

<strong>«Den nye oljen»:</strong> Det er namnet på den nye ølsorten Økobryggeriet Grim & Gryt lanserte i januar. Økobryggeriet på Hareid vann eit anbod hos Vinmonopolet, og fekk med det sende ut flasker til alle Vinmonopolet-utsalsstadane i landet. Andreas Grimstad (t.h.) og Øyvind Grimstad Gryt har også fått med ein ny mann på laget, Vegard Dimmen, som står saman med Andreas på dette biletet. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.