Teknologiselskapet Com-Net AS, som hadde sitt utspring frå Ulstein kabel-TV som på 90-talet starta med internett via koaks, har utvikla seg i mange ulike retningar sidan då. No tek selskapet eit solid skritt inn i app-verda.

For snart er det klart for lansering av kommunikasjonsappen Comrom, som har som føremål å aktivisere deltakarar på føredrag, seminar og konferansar. Men, det som er ekstra spanande for det Ulsteinvik- (hovudkontor) og Kristiansund-baserte selskapet er at appen skal prøvast ut under InnoTown-konferansen på Parken Kulturhus 23. mai.

– Det blir eit hjelpemiddel i det offentlege rom, også til dømes for dei som ikkje elles er vande med å ta ordet i ei større forsamling. Det er på mange måtar ein demokratisk app, der ein kan fange opp fleire innspel. Med ein mikrofon er det avgrensa kor mange innspel du kan få frå ein sal, seier programmerar Ragnar Hatlø, sal- og marknadsansvarleg for IKT i Com-Net AS, Robert Overå, og dagleg leiar i selskapet, Bodil Jåtun Molvik.

– Kven veit, kanskje kunne media skjønt at Donald Trump ville komme til å bli president, om dei hadde hatt denne appen? seier Ragnar Hatlø spøkefullt.

Godt verktøy

Men, frå spøk til revolver. Avtalen med InnoTown, Europa sin fremste næringslivs- og innovasjonskonferanse, kan vise seg å bli svært viktig for knoppskytinga til Com-Net, og det vidare livet til appen Comrom, som er utvikla i Ulsteinvik.

– Vi trur absolutt at det er ein marknad for denne appen. Vi har vore på fleire konferansar der knappast ein einaste person tok ordet under eller etter eit innlegg. Ordstyraren måtte verkeleg jobbe for å få i gong publikum. Ei av utfordringane under InnoTown er at mykje føregår på engelsk, noko ikkje alle nordmenn føler dei meistrar så godt, så her kan ein slik app, der ein kan skrive inn anonyme spørsmål eller gi kommentarar, kunne vere eit godt verktøy, seier Robert Overå.

Viktig avtale

Dagleg leiar i Innotown, Dag Lausund, har stor tru på samarbeidet med Com-Net.

– Vi ønskjer å aktivisere publikum og ha ein tovegskommunikasjon. Vi tenkjer at publikum kan stille spørsmål undervegs. I tillegg kan føredragshaldarane stille spørsmål til publikum, der ein får opp resultat med ein gong på storskjerm. Appen anonymiserer brukaren, slik at ein «trygt» kan sende spørsmål eller stemme. Det er viktig for oss at det skal vere enkelt å bruke, samstundes som det kan vere noko nytt og annleis. Dessutan er det veldig viktig og kjekt å få samarbeide med ein leverandør i regionen, seier Lausund.

Kundestyrt utvikling

Prismodellen er ikkje sett enno, og det står framleis att ein del arbeid på sjølve appen. Men, til InnoTown i mai må det aller meste vere klart.

– Det blir ein skikkeleg elddåp for appen under InnoTown, og vi er sjølvsagt veldig spente på kor dette vil fungere på større menneskemengder, seier Robert Overå.– Vi satsar på kundestyrt utvikling, og ser fram til å få tilbakemeldingar under og etter konferansen, seier Ragnar Hatlø.

– Det skal vere ein effektiv og god måte å gjere kommunikasjon enkel. Det blir ei spanande tid framover, seier Bodil Jåtun Molvik.

<strong>Gler seg:</strong> Sal- og marknadsansvarleg for IKT i Com-Net AS, Robert Overå (t.v.), dagleg leiar Bodil Jåtun Molvik og programmerar Ragnar Hatlø ser fram til å prøve ut appen Comrom. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.