Bensinstasjonen på Hareid har lange tradisjonar, samtidig som dei er glade i at der skjer noko nytt. I 1954 starta Åsta og Jon Holstad opp stasjonen, med to pumper og verkstad. Den gongen var bensinstasjon ein BP-stasjon. I 1976 gjekk dei over til Norol. I 1984 bygde dei ny stasjon. Og i 1989 vart stasjonen ein Statoil-stasjon.

Det er ei stund sidan det vart kjent at det kanadiske selskapet Couche Tard kjøpte opp alle Statoil-stasjonane. No har dei ikkje lenger lov å bruke Statoil-namnet og logoen, så alle stasjonane blir omprofilert. Dei har tatt region for region. Og no er det Møre og Romsdal som står for tur. Torsdag 16. februar er stasjonen på Hareid sin dag. Då blir der stor opningsfest.

– Det er bra. Det er veldig kjekt med forandring. Eg ser berre fordelar. Det er kjekt å få oppgradert utstyret, seier stasjonsdrivar Karin Svendsen Holstad.

Internasjonalt, med lokalt tilsnitt

Også dei andre stasjonane til det kanadiske selskapet blir Circle K. I Europa og Nord-Amerika er det fleire tusen stasjonar. Og er du medlem får du same rabattane, uansett kva stasjon du nyttar. Statoil-kortet ditt verkar framleis, heilt til du får nytt kort i posten.

Holstad fortel at folk skal finne igjen same varene uansett stasjon. Men i tillegg vil dei tilby varer som er lokalt tilpassa.

– Her er pluggar til båtar og pedder, varme luer og paraplyar, seier Holstad. På stasjonen hennar er det ein del pendlarar innom, då kan det vere greitt å få kjøpt seg ei varm lue om dei har gløymt å ta med seg heimanfrå.

Torsdag blir det opningsfest

Torsdag 16. februar blir det opningsfest. På føremiddagen kjem barnehageborn frå Gnist Holstad og syng. Ambulansane frå Helse Møre og Romsdal kjem og viser seg fram. På ettermiddagen blir det minikonsert med Hareid skulekorps. Denne dagen blir det kaffi og kake i butikken, gode tilbod på drivstoff, bilvask, pølser og bollar. Og dei vil ha eit lykkehjul dei snurrar i alle fall ein gong i timen, der folk kan vinne alt frå drivstoff til bakverk.

<strong>Kaffikroken:</strong> På bensinstasjonen har dei laga til ein eigen krok der folk som er innom kan slå seg ned å drikke ein kopp kaffi og ta ein matbit, medan dei ser utover. Karin Svendsen Holstad fortel at bensinstasjonen er ein viktig lokal møteplass der folk får stoppe og prate saman. Ho og Carina Svendsen Holstad ser fram til opningsfesten førstkomande torsdag.