I slutten av januar kunne kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce, Anette Bonnevie Wollebæk, bekrefte at Rolls-Royce Marine-tilsette i Norge ville få tilbod om å søkje sluttpakke, alle som ein. Men ho poengterte også at det var ei frivillig ordning. Fristen blei sett til 12. februar, men har seinare blitt utsett til 14. februar.

- Fristen for å søkje om sluttpakke går ut ved utgangen av morgendagen. Så vil søknadane som kjem inn bli handsama. Det vil ta noko tid å få eit heilskapleg bilete av kor mange som har søkt, fortel kommunikasjonsdirektøren.

Wollebæk fortel at fleire av kollegaene hennar vil slutte, men at det ikkje blir fullt så mange som ein kanskje hadde trudd.

- Det vi veit er at konsernet vil redusere med 800 tilsette i marinedivisjonen globalt i år, og at om lag 200 av desse vil skje ved anlegga våre i Norge. No har vi anlegg og kontor på ti ulike stader i Norge

- Det blir litt færre enn vi frykta, heldigvis. Vi prøvar å kutte kostnadar også på andre områder. Målet er å få eit kostnadsbilete som vi kan leve med i ein marknad som vi alle veit har forandra seg mykje dei siste åra, seier Wollebæk.

Fekk beskjeden i desember

Tilbodet gjekk først ut måndag 30. januar, og vil altså gjelde fram til og med tysdag 14. februar. Alt etter kva ansiennitet og alder ein har, kan ein få mellom tre og sju månadars etterløn utanom oppseiingstida.

I starten av desember kom den triste nyheita om at Rolls-Royce sin globale marinedivisjon skal kutte 800 tilsette i løpet av første halvår 2017. Sluttpakkane som no blir tilbydde, trer i kraft allereie 1. mars.

1.650 av dei tilsette i Rolls-Royce Marine, jobbar i Norge.