Elise Brandsvik Skeide går fjerde og siste år på TAF-linja ved Ulstein vidaregåande skule, og saman med to andre frå klassa si jobbar ho ved Ulstein Verft i tillegg til å gå skule. Men, med oppseiingar og permitteringar av ein del tilsette i verksemda, byrja det å sjå mørkt ut også for lærlingane. Det blei derimot ganske mykje lysare utsikter då regjeringa, med statsminister Erna Solberg i spissen, kom med sin krisepakke til den norske verftsindustrien, der blant anna økonomisk støtte til lærlingeordninga var med.

- Det var med eit naudskrik at eg fekk ta fagbrevet. Utan vedtaket Erna og regjeringa gjorde, hadde eg fått trøbbel. Eg hadde i så tilfelle vore nøydd til å vente til tidene blir betre for å kunne ta fagbrevet. Det hadde vore håplaust, seier Elise Brandsvik Skeide til Vikebladet Vestposten.

Ho seier til lokalavisa at ho byrja å bli litt nervøs med tanke på retninga ho valde då dei tøffe tidene i den maritime næringa for alvor slo innover Sunnmøre.

- Eg blei litt redd med tanke på skulevalet mitt, men eg har forstått det slik at eg no får fullføre løpet mitt så langt, og det er eg veldig nøgd med, seier Brandsvik Skeide.

- Mykje styr

Då Elise fekk veksle nokre ord med statsministeren var det med ein gong mykje av pressa som følgde Solberg som heiv seg rundt for å få med seg samtalen. Både NRK, TV2 og fleire andre media var til stades.

- Det blei mykje styr, meir enn eg hadde forventa. Men, samstundes er det kjekt at det blir sett fokus på det vi går gjennom for tida, og at det blir retta fokus mot at verfta satsar tungt på å halde på lærlingane.

Fikk spørsmål om satsinga på jenter

Erna spurde Elise mange spørsmål, og var heilt klart interessert i kva 19-åringen kunne fortelje. Eit av spørsmåla var korleis ho følte verksemda gjorde det i forhold til satsing på jenter innanfor eit elles mannsdominert yrke.

- Eg føler Ulstein og mykje av næringa elles er flinke til å også inkludere jenter. Eg blir godt tatt vare på her på Ulstein Verft, og trivast godt i jobben min, svarde Elise på spørsmålet til Erna.