Dei tilsette i avdeling Marine i ABB i Norge blei informert på eit allmøte torsdag om at verksemda reduserar bemanninga med inntil 20 fast tilsette, i tillegg til ein reduksjon i bruken av eksterne ressursar.

Nedbemanninga gjeld først og fremst ABB si marineavdeling på Billingstad i Asker, men også Ulsteinvik vil bli råka. Grunnen til dette er ein svært anstrengd marknad for verksemda som i all hovedsak leverer elektriske framdriftssystem til olje- og gass-relaterte fartøy.

- Vi beklagar at vi nok ein gong må redusere bemanninga, og vi vil anstrenge oss for at prosessen skal handterast på ein så ryddig og skånsam måte som mogleg for dei som blir råka. Dette er ein vanskeleg situasjon, men det er heilt naudsynt at vi tilpassar oss dei vedvarande utfordrande marknadsforholda i vår bransje, seier Sindre Sætre, leiar for Marine i ABB i Norge.