Erna Solberg har vore i Ulsteinvik mange gonger tidlegare, men besøket akkurat denne veka var av det viktigare slaget, meiner konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

- Eg tenkjer det er utruleg viktig at ein sitjande statsminister tek seg tid i ein elles svært hektisk kvardag for å komme hit til oss, og spesielt no. Vi står ovanfor store utfordringar, noko ho også har stor forståing for, og det er godt for oss å vite, seier Ulstein til Vikebladet Vestposten.

På same måte som konsernsjefen var uroa for at statsministeren skulle gli på den glatte kaia då ho kom dit om bord i redningsskøyta RS "Idar Ulstein", kan satsingane som blir gjort av Ulstein og andre verksemder innanfor den maritime industrien i inneverande nedgongstid anten føre til suksess, eller i andre enden av skalaen, økonomisk ruin.

- Vi er på ingen måte ferdige. Vi er inne i ein prosess med mykje omstilling. Ein prosess som vi håpar og trur at vi skal kunne kome styrka ut av, seier ho.

- Ein engasjert statsminister

Gunvor Ulstein fortel at ho opplever Erna Solberg som ein person som verkeleg følger med på situasjonen for den maritime næringa.

- Eg opplever ho som ein engasjert statsminister, som har stor kunnskap kring den krevjande situasjonen som heile Vestlandet er djupt inne i no. Eg håper at regjeringa sitt vidare arbeid også fører til at dei riktige tiltakspakkane til verftsnæringa kjem på plass, for å byggje kompetanse for framtida.