Elektronisk Vipps lanserer eigen konto og bankkort for barn i alderen sju til femten år.

Elektronisk Vipps lanserer eigen konto og bankkort for barn i alderen sju til femten år.

Vipps lanserer løysing for barn

Forbrukarombodet vil vurdere tenesta.

Vipps lanserer eigen konto og bankkort for barn i alderen sju til femten år. Forbrukarombodet vil vurdere tenesta.

I den første versjonen av kort og Vipps for barn, som blir lansert til sommaren, har utviklarane sett ei grense for overføringar på 20.000 per år. Barn kan be om pengar inntil tre gonger om dagen.

– Deretter skal vi gjere ei evaluering av kva foreldra synest er ei bra årsgrense for overføringar. No vurderer BankID å sette ned aldersgrensa til 13 år, slik at ein kan utvide beløpsgrensene sjølv, forklarar forretningsutviklar Ina Østensjø i Vipps til NTB.

Forbrukarombodet opplyser til NTB at barn i utgangspunktet ikkje skal disponere sine eigne middel.

– Vi vil sjå nærmare på denne løysinga. I utgangspunktet er det fullt mogleg å tilby elektroniske betalingstenester for barn. Men det er svært strenge reglar for betalingsgrense for barn, og det må vere trygt og gi god foreldrekontroll, seier fagdirektør Jo Torkel Gjedrem i Forbrukarombodet til NTB.

Vipps-løysinga for barn er lansert i regi av DNB, men det blir jobba med ei løysing som gjer at kundar i andre norske banker kan ta i bruk tenesta.

Vipps har hittil vore ein del av DNB-konsernet, men måndag vart det kjent at drygt 100 norske banker går inn som eigarar i Vipps saman med DNB.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Ekornes-pendlarane:

- For lite tid til barna

- Det verste med pendlinga er at eg får så lite samvær med borna mine, seier Caroline Kvalen.

Arbeidsreise med knappe marginar

– Eg hadde ikkje trudd slutten på yrkeslivet mitt skulle bli slik, seier Evy Beiermann.

Kan ikkje love noko

– Vi er klare over problemet, svarer fabrikksjefen, når Vikebladet Vestposten spør kvifor pendlarane ikkje kan få fem minutt kortare matpause.

Tok sølv i skule-NM

John Henrik Kvalsund Paulsen frå Hareid tok sølv i bilfag i tidenes første skule-NM.

Go'dag:

Å kome seg meir ut i det nære

Les denne vekas Go'dag, forfatta av journalist Andreas Steinnes Bjerknes.

Bryne - Hødd LIVE

Følg Hødd sin kamp borte mot topplaget frå Jæren.

#Journeynebukadnesar

Livet i Karibia

Les om neste del av Tobias Hatløy si fantastiske reise rundt Atlanterhavet.

Fjord 1 tek over fire nye samband

Havila-eigde Fjord 1 skal drifte fire ferjesamband i Hordaland.

Hareidsdøling med i fylket si beste studentbedrift:

- Veldig glade og stolte

Gaute Hermansen kunne saman med sine kollegaer feire prisen for årets studentbedrift i Møre og Romsdal.

Blei junior-norgesmeister i turn:

- Dette var veldig kjekt

Med sigeren i junior-NM er Edel Charlotte Eiken Fosse mellom anna kvalifisert til årets europeiske ungdoms-OL i Ungarn.

Edel Charlotte blei norgesmeister

Edel Charlotte Eiken Fosse blei norgesmeister individuelt under helgas junior-NM i turn.

Ønskjer å sørgje for ei trygg og god russefeiring:

No har russefeiringa starta

Russepresident Kjetil Frøystadvåg Kvalsvik likar å ha ansvar. No er russefeiringa i gong, og han har ansvar for 150 medruss.

Lada opp på Blåsarbua:

- Vi er ein flott fotballfamilie

Fleire av Hødd-spelarane varma opp i forkant av bortekampen på Jæren med eit besøk innom Blåsarbua.