– Å vere permittert er ikkje noko kjekt for nokon. Det er noko med det å føle at ein har mål og meining med kvardagen. Det blei trist å gå heime dag ut og dag inn, seier Hanne Røkke.

Ho jobbar som maskiningeniør i engineeringavdelinga ved Ulstein verft, og fekk den tunge beskjeden om at ho ville bli permittert tidleg på våren i fjor.

– Eg blei permittert frå og med påsketider i fjor. Men det skal også seiast at eg var såpass heldig å få komme innom og jobbe litt i produksjonen i periodar, då eg har fagbrev derifrå frå før. Likevel er det ganske spesielt å bli ståande litt utanfor, når ein aller helst skulle likt å vere på jobb, seier Røkke til Vikebladet Vestposten og legg til:

– Ein merkar det sjølvsagt på økonomien, men også det at ein misser litt «helgekjensla», og at ein føler ein ikkje har noko ein må gjere.

Feira med sjefen

Sidan like før jul har Hanne vore tilbake igjen i jobb, som følgje av at det såg lysare ut på ordrefronten, og i slutten av januar kom dagen som har blitt til nok ein stor merkedag i Ulstein si rikhaldige historie.

På ein og same dag kom nemleg nyheitene om at Ulstein hadde signert ei kontrakt på bygging av eit konstruksjonsstøttefartøy for det nederlandske selskapet Acta Marine B.V, samt inngått ein intensjonsavtale med Color Line om bygging av det som vil bli verdas største hybridferje. Fredag i førre veke kunne Ulstein endeleg bekrefte at kontrakten med Color Line er i boks, og måndag blei det storstilt kakefest i kantina.

Med to viktige nye kontraktar sikra, kan Ulstein Verft hente inn igjen mange av dei som har vore permitterte.

Blant anna er ingeniøravdelinga, eller engineeringavdelinga, komplett igjen.

– Fullt trykk i år

Leiaren for ingeniøravdelinga ved Ulstein Verft, Vidar Gjerdsbakk, kunne puste letta ut då det blei klart at Ulstein fekk to nye kontraktar, og kunne gladeleg fortelje at alle dei permitterte ingeniørane no kan komme tilbake igjen i jobb. På det verste var det berre sju ingeniørar på jobb. Det vil seie at 40 var permitterte.

– Det var ein veldig tung jobb å måtte seie ifrå til så mange gode kollegaer at dei måtte permitterast. Difor er eg veldig, veldig glad for at vi no har jobb igjen alle i avdelinga. Vi har ei veldig kompetent ingeniøravdeling ved Ulstein Verft, og mange med lang fartstid, frå heile regionen. Det at alle som har vore ute no får komme tilbake er heilt utruleg kjekt, seier Vidar Gjerdsbakk og smiler.

Han fortel at jobbane Ulstein Verft har framfor seg no gjer at det blir bra med jobb gjennom heile inneverande år.

– Det blir fullt trykk i år. Vi vil også faktisk måtte leige inn fleire folk, og nokre har vi allereie fått inn.

Trur på meir jobb

Både Vidar Gjerdsbakk, Hanne Røkke og kollegaene i ingeniøravdelinga til Ulstein Verft har fornya tru på at det kan bli meir jobb framover for verftet.

– Eit år med jobb er veldig positivt, og i løpet av dette året er det veldig mykje som kan skje. Eg gler meg til fortsetjinga, og trur vi skal klare å dra fleire kontraktar i hamn, seier Hanne Røkke avslutningsvis.