– Vi har nok blitt sett på som ein bank som berre er for Ørsta/Volda-området, men faktum er at vi har vore til stades i Ulsteinvik i 10 år i år, og vi ønskjer å satse ytterlegare for å kome i ein endå betre posisjon lokalt, seier Stig Brautaset.

Brautaset blei i august i fjor ny administrerande direktør for Sparebank 1 Søre Sunnmøre, og legg ikkje skjul på at Ulstein og nabokommunane på Ytre Søre er eit viktig område for banken, og for han sjølv som direktør.

– Eg er sjølv frå Ulsteinvik, og etter fleire kjekke år i Danske Bank var det på tide å tenke lokalbank igjen. Difor tok eg denne sjansen då eg fekk den, og eg vil hjelpe banken på vegen mot å bli endå meir synlege her ute. I både Ørsta og Volda er vi ein godt etablert bank, med mellom 60–70 prosent av marknaden. I Ulstein og Fosnavåg har vi ein jobb å gjere, men vi satsar no på å ta ein klarare posisjon på Ytre. Målet er å få fire sterke bein å stå på, seier Brautaset.

Skal tilsetje fleire

Stig Brautaset kan også avsløre at banken er i prosessen med å få på plass fleire nye medarbeidarar innan privatmarknaden.

– Men vi rustar oss opp for å kunne ta ein større plass i begge marknadane. Små og mellomstore bedrifter, samt nokre utvalde større bedrifter, er det vi satsar på. Vi har gjort tilsetjingar med tanke på ei endå sterkare lokal forankring, seier Brautaset.

Ny områdeleiar

Lillian Breivik er ny områdeleiar for Ytre, då ho no også blir leiar for Fosnavåg-avdelinga i tillegg til Ulsteinvik-avdelinga. Ho meiner det er flott at banken har fått på plass ein administrerande direktør, som i tillegg er frå Ulsteinvik.

– Det at han er her ifrå, og ønskjer å satse på Ytre, er veldig gledeleg. Det er plass og moglegheit for oss som bank å vekse vidare i området, og med Stig på laget blir dette veldig bra, seier Breivik, som også kan avsløre at tiårsjubileet skal feirast med ulike arrangement det komande året.

Godt resultat

Sparebank 1 Søre Sunnmøre hadde eit konsernresultat på 91,8 millionar kroner i 2016, mot 33,1 millionar i 2015. Utlåna frå banken auka med 3,3 prosent i 2016. Ved årsskiftet var forvaltningskapitalen i konsernet på 8,3 milliardar kroner, ein auke i høve fjoråret på 122, 5 millionar kroner, eller 1,5 prosent.

– Vi er særs nøgd med å kunne presentere eit godt resultat for banken i krevjande tider, med ei veldig positiv underliggjande bankdrift, som faktisk ikkje har vore betre før. Vi har fått til ei betring på alle viktige område innanfor drifta vår. Vi har mellom anna betra innskotsdekninga vår, gjort ein del tapsavsetjingar, fått kundevekst innanfor personmarknaden og kutta kostnader, seier direktør Brautaset.