Ulstein Power & Control AS har signert kontrakt på levering av komplette system til yachten som skal byggast på Ulstein Verft.

- Det er svært gledeleg at vi har klart å hale i land ei så viktig kontrakt for fartøyet, seier Gunnar H. Hide, administrerande direktør i Ulstein Power & Control.

Leveransen til yachten inkluderer fleire komplette pakkar med system for automasjon, overvaking og kontroll, kommunikasjon, integrert bruløysing, distribusjon og propulsjon av kraftsystem, dynamisk posisjonering og  kraftkontrollsystem.

- Kontrakten vil sikre oss mykje godt arbeid. Det har vore tett konkurranse med mange store aktørar, og at vi får levere heile denne pakken viser at vi ikkje berre er konkurransedyktige på pris, men også ved at vi kan levere topp moderne system og løysingar som førebur skip på den digitale framtida. Dette synest sjølvsagt vi er veldig stas, seier Hide.

Digitalisering av skipUlstein Group fortel i ei pressemeldin at ULSTEIN IAS er bygde på den nye systemarkitekturen ULSTEIN X-CONNECT. Denne arkitekturen løfter produkt for marin kontroll, alarm og overvåking til ein ny og mykje meir fleksibel og skalerbar standard. I tillegg opnar ULSTEIN X-CONNECT for effektiv skip-til-land overføring av data. Dataene vert analyserte og tolka slik at ein kan hente ut verdifull informasjon som til dømes kan brukast til beslutningsstøtte, vedlikehald og optimalisering av skipsoperasjonar.

Sikrare marine operasjonar- ULSTEIN IAS er utvikla med brukaren i sentrum, der enkel og effektiv brukarstøtte har vore fokus. Vi ser at mange ulykker skjer på grunn av menneskelege feil der beslutningsstøtta i stressa situasjonar ikkje er god nok. Vi ynskjer vi å bidra til å få ned talet på ulukker og sikre berekraftige marine operasjonar for våre kundar, avsluttar Hide.

Ulstein Power & Control har selt fleire system med X-CONNECT tidlegare, heiter det i pressemeldinga frå konsernet.

Foto: N