Det første av dei i alle fall to, kanskje fire, hurtigruteskipa som skal byggast ved Kleven Verft, er no under bygging. Skipet blir fullspekka med innovative teknologiske løysingar og utstyr i ypparste verdsklasse. Men ikkje minst, skipet blir også fullspekka med komfort og luksus.

MS Roald Amundsen blir 140 meter langt og 23,6 meter bredt, og vil huse ikkje mindre enn 530 sengeplassar. Skipet vil ha eit mannskap på rundt 150 personar.

MS Roald Amundsen skal etter planen leverast sommaren 2018.

Sjå bilete i toppen av saka.