Administrerande direktør i Jets, Jan Tore Leikanger, gler seg over at toalettet Pearl (biletet) er blant dei 100 nominerte til Aftenposten og Design og arkitektur Norge (DOGA) sin pris, «Norges Beste Design». På toalettloket står den gjeve prisen Jets fekk for Pearli 2014, då dei kunne ta i mot «Merket for god design». Kanskje blir det ny pris på Jets, eller Ulstein Group? 2. mars skal prisen delast ut. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Jets sitt toalett Pearl og Ulstein Group sitt skipsdesign X-Bow er begge nominerte til prisen som Aftenposten skal dele ut, i samarbeid med Design og arkitektur Norge (DOGA). Andre nominerte design som no står att blant dei 30 øvste er til dømes ostehøvelen, Ekornes sin Stressless, Tripp Trapp-stolen, NRK-logoen og mange andre. Det er mogleg for kvar og ein å stemme på den kandidaten ein meiner på best måte har definert norsk design, og det må gjerast på Aftenposten sine nettsider.

Ein fagjury har plukka ut det dei meiner er Norge sine beste design dei siste 100 åra. Aftenposten sin jury består av Peppe Trulsen (Fuglen), Benedicte Sunde (Blomqvist), Benedicte Wildhagen (DOGA), Anita Krohn Traaseth (Innovasjon Norge), Lillian Vambheim (A-magasinet), Gunnar H. Gundersen (Høgskolen i Oslo og Akershus) og Edvin Klasson (Masterstudent i industridesign).

– God design styrker livet på mange måtar, og difor ønskjer vi å involvere våre lesarar til å kåre folket sin favoritt, seier Lillian Vambheim, redaktør i A-magasinet, i eit intervju med Aftenposten.

Toalett og designperle

To lokale aktørar er altså blant dei 100 nominerte, og begge sider av Eidet er representerte.

På Hareid var det ein svært nøgd administrerande direktør som kunne ta i mot lokalavisa til ein prat kring den gjeve nominasjonen.

– Det er stor stas å få vere med i dette selskapet, seier Jan Tore Leikanger.

Den Hareid-baserte verksemda er mest kjende for å produsere toalett, og har fleire typar i sitt sortiment. Men spesielt ein type har skilt seg ut, Pearl.

Pearl har gjort at Jets har kunne ta i mot både «Design Award Technoport» i 2011 og «Merket for god design» i 2014.

– Det er nok mest indremedisinsk dette, at det gir oss ein god boost å bli nemnt blant så mange flotte designperler, seier Leikanger.

Ei designperle har juryen heilt tydeleg også meint at Jets Pearl er, og Leikanger fortel at toalettet har fått mykje merksemd i designkretsar kring om i verda.

– Det var jo veldig kjekt med Norsk Designråd sin pris, «Merket for god design», som vi fekk i 2014. Med den prisen fekk vi for alvor vite at det vi driv med viser igjen, seier Jan Tore Leikanger.

Då Jets fekk «Design Award Technoport» tre år tidlegare gav juryen denne grunngjevinga:

– Rett og slett dritlekkert.

Toalettet er designa av det Oslo-baserte designfirmaet EGGS Design, på oppdrag frå Jets, i tett samarbeid med Trondheim-baserte Minoko Design.

– Det er rett og slett eit lite komplekst toalett utvendig, men med eit avansert system inni, seier Leikanger.

Design – ein viktig strategi

– Det er ei stor ære å bli lagt merke til på denne måten. Det er med stor audmjukskap vi takkar for interessa vi blir vist, og det er godt å bli sett pris på for det arbeidet ein gjer, seier visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group, Tore Ulstein, til Vikebladet Vestposten.

Han har med stor glede fått kjennskap til at Ulstein og Ulstein Design & Solutions med sin X-Bow er blant dei 100 nominerte til «Norges Beste Design».

- For oss i Ulstein har design alltid vore ein viktig strategi i seg sjølv. Det å forstå kunden sitt behov er viktig, men også det å forstå kva som skal til for å lage betre og meir effektive båtar. Det er også veldig kjekt å kunne kombinere form og funksjon. Somme former utmerker seg, og akkurat det gjer X-Bow, seier Ulstein.

Ikkje berre fin å sjå på

Visekonsernsjefen meiner det visuelle løftar X-Bow-designen.

– X-Bow er heilt klart visuell i sitt uttrykk. Det har nok designen fått mange plusspoeng for. Så er det slik med denne designen, som med alle andre, at mange likar den godt, medan somme ikkje gjer det. Vi er glade for at X-Bow ikkje berre aukar effektiviteten til båten, men også at designen aukar operasjonsvindauget til båten i vêrharde forhold, som desse fartøya ofte opererer i. Dette vil ein til dømes sjå på skip nummer 99 og 100 med X-Bow, båtane Ulstein Verft leverer til Bernhard Schulte, som skal i jobb på ein offshore vindmøllepark. For å ytterlegare sikre god manøvrering og stabilitet lanserte vi også på desse to båtane hekken X-Stern, som har blitt ei flott vidareutvikling frå designavdelinga vår, seier Ulstein.

– Når vi tok over roret i 1999 var både Gunvor og eg, men også faderen einige i at vi måtte utvikle eige design. Vi er i dag veldig glade for at vi har gjort vårt beste så langt, ved å utvikle gode skip, gode skipsløysingar. Den tradisjonen ønskjer vi å bringe vidare inn i nye segment.

Design på dagsordenen

Ulstein meiner det er flott at den riksdekkjande avisa vel å setje design på dagsordenen.

– Design er viktig for Norge, både i forhold til omstillinga Norge treng, men også for å utvikle produkta for framtida. X-Bow og X-Stern er dessutan grøne produkt, ein nyttar i dag mindre energi, mellom anna ved våre baug- og hekkdesign, på å til dømes ligge ut ved ei plattform, eller når ein transporterer utstyr ut til plattformene.

Både Tore Ulstein og Jan Tore Leikanger vil til slutt oppmode folk i heile regionen om å stemme.

– Det er viktig at folk stemmer på lokale aktørar. Eg skal ikkje legge skjul på at eg håpar på mange stemmer til X-Bow, men det er utruleg flott å sjå at også Hareid-baserte Jets er nominerte. Eg håper mange lokalpatriotar stemmer i veg! seier Tore Ulstein.