Havila hadde ny inntaksrekord då dei tok inn åtte kadettar i ein jafs nyleg.

Havila Shipping kunne nyleg sleppe nyheita om at Havila Subsea har fått i hamn ein treårskontrakt med Reach Subsea. I tillegg fekk Havila Troll også nyleg ny kontrakt, då Statoil forlenga avtalen for sju nye år.

Njål Sævik poengterte likevel at det var Havila Subsea-kontrakten som gjorde at reiarlaget kunne ta inn heile åtte kadettar på ein gong. Når dei nye er på plass har reiarlaget til saman 13 kadettar og 13 lærlingar i både maskin og på dekk.

Tøft for dei som er ferdige

Og nettopp dei som vil ut på sjøen som kadettar har kanskje vore ei av dei mest utsette gruppene i denne tøffe tida for den maritime bransjen. Lenge var det svært mange som ikkje fekk kadettplass, og det er framleis 90 som står i kø for å komme seg ut. Men, situasjonen har trass alt betra seg noko. Dei situasjonen ikkje har betra seg så veldig for, er dei som er ferdige med kadettida si.

- Vi ser ikkje nokon spesiell forandring på dei som er ferdig med kadettida si og skal ut i jobb. Mange av dei slit enno. Dette er nyutdanna som har lågast ansiennitet og lågast erfaring. Det er trist den utviklinga ein ser no, og dette fører til at mykje god kompetanse går tapt, seier Jan Henrik Johansen i Maroff Crewing.

Ser lyspunkt i mørket

Maroff Crewing er eit bemanningsbyrå med spesielt fokus på offshore, men også på andre maritime og marine næringar. Johansen meiner det vil bli tøft for dei som er ferdige med læretida si ei god stund framover, om ikkje tidene forandrar seg.

– Vi opplever at det er ein del unge sjøfolk som søkjer på jobb no. Kanskje har dei vore andre- eller førstestyrmann ei stund, og så blir dei oppsagde. Når situasjonen er slik, er det etter kvart mange som i staden finn seg andre jobbar på land. Johansen ser derimot ikkje heilt mørkt på situasjonen.- Det er også nokre lyspunkt. Vi ser mellom anna at seismikkbransjen byrjar å få oppdrag igjen, og då har det ein tendens til å spreie seg vidare gjennom kjeda. Situasjonen blir aldri slik som den var igjen, men at vi kan få meir aktivitet i marknaden igjen, er eg overtydd om, seier Jan Henrik Johansen til slutt.