– Med dette ser vi over 300 sjøfolk tilbake i arbeid, og det er lite som gleder meg meir, seier administrerande direktør Håvard Ulstein.

Det var ein godt nøgd administrerande direktør i Island Offshore Management AS som tok i mot Vikebladet Vestposten til ein prat onsdag formiddag. For dei siste vekene har vore særs positive. Mannskapa om bord i Island Spirit, Island Crusader, Island Crown og Island Endeavour har no jobb å sjå fram til, då reiarlaget no kan ta alle fire båtane ut av opplag.

Betre i drift enn i opplag

Nye kontraktar og folk i arbeid igjen er sjølvsagt veldig gledeleg, men Håvard Ulstein fortel at kontraktane som blir tilbydde i dag er utfordrande.

– Det er låge dagratar, og ikkje noko spesielt å leve av. Men det er sjølvsagt veldig godt å kunne sysselsetje permitterte igjen, seier Ulstein og legg til:

– Vi ser konstant på kostnadane knytt til å ha båtar i opplag kontra kostnadane ved å ha båtar i drift. Vi ser at verdien på båtane blir betre beheldt ved at dei er i drift. Det er slik vi tenkjer, og det er viktig for heile selskapet sitt ve og vel at vi gjer gode avgjersler.

Frå opplag og ut i arbeid

Mange har nok merka seg at dei tre båtane som låg i opplag i Haddal no er vekke. Ein av dei, Island Express, blei saman med Island Earl kjøpt opp av S.D. Standard Drilling PLC – med Øystein Stray Spetalen på eigarsida. Island Endeavour har også fått arbeid, noko ein kjem tilbake til seinare i artikkelen.

Island Spirit, det tredje av desse tre, segla nyleg frå opplagskaia ved Ulstein Betongindustri i Haddal til Harwich på Nordsjøkysten av England, der fartøyet byrja på ei om lag fire månader lang kontrakt for Oceaneering. 15. februar var båten i gang med arbeidet for sluttkunden GeoSea, og Island Spirit skal ut i såkalla ROV surveyarbeid i dansk og engelsk sektor.

Kontraktar i Nordsjøen og i Nederland

Etter fleire månadar i opplag i Hjørungavåg er Island Crusader også klar til å starte på ny jobb, og det vil skje i byrjinga av mars. Eit større oljeselskap har sikra seg båten, og det var framdriftssystemet mynta på gass som gjorde Island Crusader svært interessant. Kontrakten blir på om lag 1,5 år, og båten skal fungere som forsyningsskip i Nordsjøen i kontraktperioden.

Island Crown går ut av sesongopplag i inneverande månad, og har sikra seg mellom 20 og 30 dagar med arbeid på NorSea One Offshore Windfarm. Island Endeavour er den av båtane som har vore lengst fortøydd ved kai av desse fire, og også dette fartøyet har fått kontrakt. Island Offshore har sikra båten eitt års arbeid i Den Helder i Nederland. Dette er i same området som Island Empress er i arbeid. Island Empress fekk nyleg forlenga kontrakten med eitt år. Begge fartøya er hyra inn av logistikkselskapet Peterson, og er del av ei samling av supplyfartøy med base i Den Helder.

Fleire kontraktar

I tillegg til dei fire båtane som går ut av opplag, har søsterskipet til gasskipet Island Crusader, Island Contender, fått meir arbeid som følgje av at Lundin har erklært nok ein brønn for skipet. Ocean Intervention III, som er stasjonert i Angola, har fått forlenga kontrakten med Oceaneering med to månadar no på nyåret, og diskusjonar kring vidare forlenging er i gang.

– Svært gledeleg

Fire båtar ut av opplag er flotte nyhende, men Håvard Ulstein ønskjer også å trekkje fram dei to store brønnintervensjonsfartøya Island Wellserver og Island Frontier, som begge har vore i vinteropplag sidan i oktober i fjor. I april tek begge skipa til på sine 200 kontraktfesta dagar for Statoil.

– Dette er skip som har 200 dagar i boks per år fram til 2020. Dette er forferdeleg viktige kontraktar for oss, og det gjer at vinteren blir frykteleg kald og trist, men sommarhalvåret desto betre. Slik har det eigentleg vore i mange år, men dette er endå viktigare no, seier Håvard Ulstein.

Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management AS, gler seg på vegner av dei 300 sjøfolka som no har jobb igjen. Island Offshore kan grunna nye kontraktar ta fire båtar ut av opplag. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.