Når den nye Stad skipstunnel er på plass, ligg alt til rette for å forlenge dagens hurtigbåtrute mellom Bergen og Selje heilt til Ålesund, meiner ferjeselskapet Norled.

– Nokon vil heilt sikkert finne det interessant å ta hurtigbåt frå Ålesund til Bergen, men det er minst like viktig at skipstunnelen opnar opp for lokale samband, som mellom Florø og Ålesund eller Sogndal–Ålesund. Dette opnar for å knyte lokalsamfunn saman og utvide bu- og arbeidsmarknadsregionar, seier regionssjef for hurtigbåt i Norled Bjørn Egil Søndenå til Sunnmørsposten.

Søndenå ser også føre seg at cruisenæringa vil kunne drage nytte av ei slik hurtigbåtrute. Til dømes kan det bli aktuelt å frakte passasjerar i hurtigbåt mellom destinasjonar som Ålesund og Flåm, slik at dei også får ein tur gjennom tunnelen.