Rolls-Royce satsar ytterlegare på forsking og utvikling. Mellom anna vil konsernet investere meir i produksjonsanlegget for propellar i Ulsteinvik, kjem det fram av ei pressemelding onsdag.
            (Foto: Rolls-Royce.)

Rolls-Royce satsar ytterlegare på forsking og utvikling. Mellom anna vil konsernet investere meir i produksjonsanlegget for propellar i Ulsteinvik, kjem det fram av ei pressemelding onsdag.Foto: Rolls-Royce.

Rolls-Royce investerer ytterlegare:

Satsar på fjernstyrt og autonom skipsteknologi

I Ulsteinvik investerer Rolls-Royce i sitt produksjonsanlegg for propellar, for å gjere dette til eit såkalla NPI-senter.

Rolls-Royce annonserte onsdag planane sine om å ytterlegare investere i forsking og utvikling. Investeringane skal bidra til å vidareutvikle fjernstyrt og autonom teknologi for skip, og hauste fordelane av auka digitalisering i den maritime industrien. Det skriv Rolls-Royce i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

No søkjer Rolls-Royce Marine etter gode samarbeidsprosjekt verda over for å utvikle teknologien, kompetansen og arbeidsplassane som skal til for å kome vidare i arbeidet med nye maritime tenester og produkt. Nokre av punkta i denne satsinga er til dømes:

- Rolls-Royce vil byggje opp eit såkalla "Fleet Management Centre", som kan overvake skip frå land, analysere store mengder data om drifta, og på denne måten sørgje for optimal drift av skip og utstyret dei har installert om bord.

- Selskapet er skal også vere med på å etablere eit virtuelt senter for prototyping i Ålesund, der ny teknologi og utstyr kan testast i eit virtuelt skip. Målet er å kome raskare frå teiknebrettet til realisering av ny skipsteknologi.

- I Ulsteinvik investerer Rolls-Royce i sitt produksjonsanlegg for propellar, for å gjere dette til eit såkalla NPI-senter. Det vil seie eit senter som også vil jobbe med å utvikle og introdusere nye produkt i marknaden raskt.

Autonome skip

Rolls-Royce er ein pionér i utviklinga av fjernstyrte og autonome skip. Ambisjonen er å sjå fjernstyrte skip i kommersiell drift innan utgangen av dette tiåret. Erfaringen selskapet har med å samle inn og analysere store mengder data fra både fly og skip koplast med solid maritime systemkompetanse når Rolls-Royce tek ei leiande rolle i utviklinga av nye digitale løysingar i maritim bransje.

Marinedivisjonen til Rolls-Royce har allereie strategiske samarbeid med Norges Teknisk Naturvitenskapelige Universitet (NTNU), Sintef, Technical Research Centre of Finland (VTT), Tampere University of Technology (TUT) og Nanyang Technological University (NTU) i Singapore, i tillegg til fleire samarbeidsprosjekt med institutt, SMB’er og gründerbedrifter som spesialiserar seg på ny teknologi.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre