I slutten av månaden, nærare bestemt 29. mars, blir det femårsjubileum for Coop Extra Bygg på Saunes. Det nye varehuskonseptet som tok over for det mindre konseptet Coop Byggmix, som i årevis hadde heldt til i bygget som ligg nærmare hovudvegen.

– Det har vore ei eventyrleg reise sidan vi flytta frå gamlebygget og ned hit, inn i flunkande nye lokale. Eg kjempa i mange år for å få eit nytt bygg, og når det først blei, så var resultatet heilt fantastisk, seier varehussjef Vidar Ulstein.

For allereie i 1995 spurde Vidar 1995 disponenten for Coop Vest, som fortalde til han at i år 2000 skulle det kome nytt bygg. Det skulle ta ganske så mykje lengre tid enn det, fortel Ulstein spøkefullt.

– Det skulle gå ytterlegare 12 år etter det årstalet vi først blei førespegla før vi kunne flytte inn i nytt bygg, seier Vidar Ulstein og smiler.

Skal utvide

Butikkdelen og byggevaredelen er i dag på romslege 3.000 kvadratmeter. 1.700 kvm butikk, 1.000 kvm til byggevarer og 300 kvm til butikklager. På sjøsida av bygget har ein desse fem åra disponert eit bra areal til utandørs lagring, men etter som åra har gått har ein sett at behovet for enno litt større plass har meldt seg. Difor har Coop Extra Bygg no kjøpt meir 400 kvadratmeter meir areal av Åge Urke, til tyngre byggevarer. Slik kan ein også lage til meir effektiv «drive-in»-køyring for dei som skal hente byggevarer.

– Dette er ei heilt nødvendig investering, for å unngå at folk må stå for lenge i kø i dei hektiske periodane i veka, spesielt i helgane. Med mange personbilar med hengar inne samstundes, og kanskje også ein trailer med varer som skal lossast av, så blir det raskt kaos. Med utvidinga skal vi ordne dette, seier Ulstein.

Ny butikk vegg-i-vegg

Det er etter kvart inga hemmelegheit at det vil kome ein ny butikk i tilknyting til eksisterande byggmasse. Utvidinga av området på nedsida av bygget blir også gjort med tanke på plassbehovet ein slik butikk vil ha, fortel Ulstein.

– Det er vanskeleg å seie når denne butikken kjem, men vi har no uansett sikra oss det arealet vi har sett at vi treng, seier Vidar Ulstein.

God omsetning og kundestraum

Det blir ei hektisk veke på dei tilsette ved Coop Extra Bygg, for denne veka kjem dei første vogntoga med utemøblar og andre sesongvarer til butikken.

– Det blir ekstra travelt no framover. Ein del vinterutstyr skal vekk, og det som skal til vår- og sommarsesongen kjem no.

Ulstein fortel at butikken på Saunes gjer det veldig bra, og at kundetilstrøyminga i løpet av ein arbeidsdag er veldig bra.

– Vi har i snitt på det meste mellom 60 og 80 kundar forbi kassapunktet på ein time. Laurdagane er det ekstra hektisk. Vi ligg på rundt 80.000 kundar årleg, noko vi meiner er ganske bra.

I 2016 hadde Coop Extra Bygg ei omsetning på i overkant av 55 millionar kroner, ein million mindre enn året før det igjen.

– Vi er i ein bransje som også blir litt påverka av situasjonen i området. Nedgang på «berre» ein million frå 2015 til 2016 kan vi leve med, og er sett i lys av situasjonen ganske bra. Vi har dessutan vekst på enkelte område, til dømes målingsavdelinga vår. Material til nybygg er det naturleg nok mindre sal på, seier Ulstein til slutt.

Arealet ein ser til venstre i biletet er det nye arealet som blir knytt til utandørs lagring. Rundt 400 kvadratmeter blir lagerplassen utvida med. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.