Denne veka er det teknologiveke for skulane i Ulstein kommune, og tysdag var Vikebladet Vestposten til stades på Sjøborg kulturhus og kino, der fleire aktørar hadde gått saman for å gje skuleelevane frå 4. til 7. klasse ved Haddal skule, Ulstein skule og Hasund skule smakebitar av grensesprengande teknologi ein no både kan finne heilt i nærleiken, og i verda elles.

Elevane kunne blant anna prøve VR-briller (virtual reality/kunstig verkelegheit), å styre ein ROV (fjernstyrt undervassfarkost) og å spele inn film framfor green screen, der ein kan legge artige effektar, videoar og bilete i bakgrunnen.

Prosjektleiar Audun Hopland var sjølv delaktig, og gav skuleelevane ei innføring i VR-teknologien, med ein interessant film.

– Dette for å vise kva som finst av denne typen teknologi i dag, og kva ein tenkjer seg den kan utvikle seg vidare til i framtida, seier Hopland.

Etter filmen kunne elevane gå opp i andreetasjen, der dei fekk prøve på seg VR-briller. Noko også ordførar Knut Erik Engh (Frp) prøvde då han var innom ein tur.

– Dette var vanvittig gøy. Det er veldig kjekt at elevane i Ulstein-skulen har eit tilbod som dette, seier Engh.

– Gøy å spele inn film

To av dei som kosa seg ekstra framfor den grøne skjermen under filminnspelinga var Norian Kelly og Filip Røyset Roppen. Med artige kostyme på spelte dei inn ei scene der dei tilsynelatande gjekk ein tur på butikken.

– Dette var veldig kjekt. Det var gøy å spele inn film. Dette kan eg tenkje meg å gjere som vaksen også, seier Norian Kelly.

– Det er artig å sjå at bakgrunnen er ein heilt annan enn den du ser medan ein filmar, seier Filip Røyset Roppen.

Smakebitar

Prosjektleiar Audun Hopland fortel til avisa opplegget på Sjøborg tysdag, og i dag torsdag, blei til for å gje elevane smakebitar på kva lokale aktørar (Rolls-Royce og Runde Miljøsenter) driv med innan teknologi, samt vise litt av teknologien som Høgskulen i Volda jobbar med.

– Dette er noko som sikkert fleire av desse unge kjem til å jobbe med i framtida, og då er det fint at dei kan få litt inspirasjon, seier Hopland.

Norian Kelly og Filip Røyset Roppen likte godt å spele inn film framfor «green screen». Plutseleg var dei ein tur på butikken! Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.