- Vi kan stadfeste at det er inngått ein LOI (intensjonsavtale) mellom Ulstein Design & Solutions og verftet China Merchants Industry Holdings på levering av design og utstyrspakke for bygging av fire «expedition cruise»-skip i Kina. Skipa skal byggjast for reiarlaget SunStone. Dette er svært gledeleg og vi ser fram til å jobbe vidare med dette prosjektet, seier kommunikasjonssjef i Ulstein Group, Lene Trude Solheim, til Vikebladet Vestposten.

Opsjon på ytterlegare seks skip

Florida-baserte SunStone Ships, Inc, og China Merchants Industry Holdings Co. Ltd. (CMIH) signerte nyleg ein rammeavtale for bygginga av fire ekspedisjons-cruisefartøy, med ein opsjon på ytterlegare seks skip. Det skriv SunStone i ei pressemelding.

Ulstein Design & Solutions, eit av selskapa i Ulstein Group, skal altså levere design og utstyr til skipa, som ein klient av CMIH. Finske Makinen vil stå for utsmykking av lugarar og det meste av interiøret elles om bord i skipa. Dei 104 meter lange og 18,2 meter breie skipa vil få mellom 85 og 90 lugarar for passasjerar. Baugen blir sjølvsagt X-Bow. Skipa vil kunne gå i 15 knop, og har finsk/svensk isklasse 1A. Skipa skal segle under bahamansk flagg når dei er ferdige, opplyser SunStone.