Ulstein Verft held no på å avslutte eit ettermarknadsoppdrag på det sjette skipet i år, og det sjuande skipet er rett rundt hjørnet. Sjølv om den norske offshoreindustrien er i ferd med å omstille seg til andre område, er det likevel høg aktivitet innan sørvis og ettermarknad på eksisterande skip.

- Vi har eit jamt trykk på ettermarknadstenester, stadfestar sørvissjef Jan Peder Hoggen ved Ulstein Verft. Saman med kollega ved avdelinga, Kjell Ove Mork, er han ute i verftet sin dokkhall for å sjå på framdrifta til arbeidet på ankerhandteringsskipet Island Valiant, som er inne til ti-årsklassing.

Vi følgjer heile prosessen

- Ulstein sin styrke er at vi har kompetanse på design, detaljdesign, kraft og kontroll og produksjon i eitt konsern. Vi både installerer og testar komponentar og system. Verftet har ei dyktig teknisk avdeling, som kan utføre engineeringsarbeid ved større reparasjonar og oppgraderingar, og vi er difor godt posisjonerte til å ta på oss ettermarknadsarbeid, seier han.

Dokkhall

- Alle skip må inn til klassing med jamne mellomrom, og dette inneber tenester som kontroll av montert utstyr, reingjering og maling. Andre skip kjem for å bli mobiliserte til nye oppdrag. Vi har ein overbygd dokkhall der vi kan utføre oppdrag i all slags ver, noko som sikrar sluttkvaliteten mellom anna på målingsarbeid.

Ytre dokk

Vi har også ei ytre dokk, og dimensjonane er slik at vi kan ha skip liggande inne i dokkhallen og i ytre dokk samtidig, seier Hoggen og held fram:

– Til påske får vi inn eit større ombyggingsoppdrag i dokkhallen, ei oppgradering av eit ekspedisjonscruiseskip, men då har vi likevel kapasitet i ytre dokk til  å gjere service på andre skip.

Lekter og mobilkrantenester

Avdelinga utfører også oppdrag utanfor verftet. Dei siste månadene har dei arbeidd på fleire skip i opplag for å førebu dei til nytt arbeid. Avdelinga har også ein lekter og ei stor mobilkran som vert nytta i eit stort geografisk område utanfor Ulstein Verft. Den neste jobben vert å frakte vinsjepakkar frå IP Huse på Harøya til ein ekstern oppdragsgjevar.

Andre tenester

Ulstein Verft tilbyr også andre tenester, mellom anna har verftet eit slepefeste der skip kan teste slepekraft. Eit bølgjekraftverk er også inne til reparasjon og oppgradering før det skal utplasserast på nytt utanfor Runde.

Reparasjon av bølgjekraftverk til utsetting utanfor Runde.