– Frå Myrvåg er det kort veg til Ytre Herøy, Sande, Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda, både med tanke på installasjonar for industri, næring og bustad, fortel administrerande direktør i Brattvaag Electro, Bjørn Halfdan Leine.

Leine er sjølv opphavleg frå Leinøya, så han veit godt kva han snakkar om.

Først og fremst landbasert

Roger Elvebu, ny avdelingsleiar for automasjonsavdelinga til selskapet, vil vere blant dei som får kontorstad i Myrvåg. Han vil primært sitje i Brattvåg og Ålesund, men har også moglegheita til å nytte kontoret i Myrvåg innimellom. Etableringa av kontoret i Myrvåg skjer hovudsakleg med tanke på landbasert industri, men det blir også satsa på maritim industri.

– Vi har tilsett Eivind Tranvåg i vår maritime avdeling, prosjektingeniør for maritime installasjonar, som også vil nytte desse kontorfasilitetane.

Direktør Leine fortel vidare at Kleven er ein viktig kunde for Brattvaag Electro, og at det å vere i nærleiken av Kleven også har vore ein av grunnane til etableringa av kontor i Myrvåg. Kontorlokala leiger Brattvaag Electro av Ulmatec Components AS.

Frå skip til mange marknadar

Brattvaag Electro blei skipa i 1933 i Brattvåg. Verksemda er av dei eldste i bransjen i Norge. Sidan starten har elektrisk installasjon og service på båtar og skip vore sentrale delar av selskapet si drift. I dag har Brattvaag Electro, som er eigd likt av lokale eigarar i Lapas AS og Midvest Fondene, rundt 85 tilsette og er ein totalleverandør innan elektro og svakstrømtenester til private og bedrifter. Ei landavdeling blei etablert i etterkrigstida, og då det blei meir og meir automasjon på fartøya på 1970-talet, blei også ei automasjonsavdeling starta opp. I heimkommunen Haram og nabokommunane Skodje og Ålesund har Brattvaag Electro opparbeidd seg ein solid posisjon, og driv med husinstallasjon, installasjon på næringsbygg og service på bustad- og næring.

Innanfor det maritime har selskapet stått for installasjonar på over 180 fartøy, og mange av dei har funne stad på Vard-verfta i Brattvåg og Søvik i heimkommunen Haram.

– Vi gjekk frå fiskefartøy til ferjer, til svært komplekse offshorefartøy. Brattvaag Electro har til dømes hatt installasjonar på eit betydeleg tal komplekse fartøy Vard har bygd, men no har Vard bygd opp si eiga elektroavdeling, og tek mykje av dette sjølv. Då er det godt å sjå at satsinga vår inn mot andre verft også ber frukter, seier Bjørn Halfdan Leine.

Kontrakt med Kleven

For Brattvaag Electro har som sagt fått foten innanfor døra med Kleven, og det er ikkje til å leggje skjul på at verftskonsernet i lengre tid har jobba mykje saman med Hareid Group kring installasjonar på fartøy.

– Dei er eit solid selskap som vi har stor respekt for, og som har samarbeidd med Kleven gjennom mange år. Men det er viktig også for oss å kunne kome og bidra med våre tenester. Eg meiner konkurranse er bra for oss alle i denne bransjen. Det skjerpar oss, og gjer at vi jobbar endå hardare for å nå måla vi set oss, seier Bjørn Halfdan Leine til slutt.