Det var måndag denne veka at Rederiforbundet la fram sin årvisse konjunkturrapport. Marknaden for norske reiarlag har endra seg dramatisk frå 2015 til 2016, ifølgje denne. Berre når det gjeld omsetning har fallet vore på enorme 16 prosent, ned til 234 milliardar kroner. Ein hadde eigentleg sett føre seg eit fall i omsetninga på tre prosent ved inngangen av 2016, men det blei altså langt større.

Til Maritime.no fortel administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Sturla Henriksen, at selskapa no gjer kva dei kan for å overleve.

– Mange har fokus på refinansiering. Nokre ser no på nye område og marknadar, og andre sel eldre skip for å vere rusta for når marknaden er i balanse igjen. Vi ser også konsolidering og endringar i både eigarstrukturar og selskapsstrukturar, seier Henriksen.

Med ein nedgong i inntektene blant offshore service-reiarlaga på 21 prosent i 2016, og ein forventa nedgong på 11 nye prosent i 2017, i tillegg til at omsetninga for riggselskapa truleg blir halvert i forhold til 2015, ser det for første gong sidan 2008 ut til at short sea- og deep sea-reiarlaga vil ha større omsetning.