Det er ikkje kvar dag ein ser fartøy som sikrar seg arbeid som varar speseielt mykje lengre enn to-tre år. Eidesvik og det franske seismikkselskapet CGG går no saman for å sikre drift for fem seismikkskip som ligg i opplag. To av desse er bygg nummer 285 og 286 frå Ulstein Verft, høvesvis Oceanic Vega og Oceanic Sirius. Det skriv Stord24.no.

Eidesvik og CGG har ifølgje nettstaden lenge samarbeidd gjennom joint venture-føretaket CGG Eidesvik Ship Management AS. Det er gjennom dette selskapet dei driv nettopp Oceanic Sirius og Oceanic Vega saman.

Om Eidesvik og CGG får bankane med seg, vil dei to selskapa etablere eit nytt holding-selskap som skal eige totalt sju seismikkskip, der fem av desse i dag, som sagt, ligg i opplag. CGG vil halde Oceanic Sirius og Oceanic Vega i arbeid fram til 2027, men til redusert rate gjennom heile perioden, kjem det fram i ei børsmelding frå Eidesvik.