– Det skal løne seg å køyre trygt, seier regionbanksjef Lillian Breivik.

Vikebladet Vestposten møter Breivik og kollega Kjell Frode Ervik, som er leiar for kundesenteret og forsikringsansvarleg. Smartforsikringar er på full veg inn på den norske marknaden, og denne nye kategorien forsikringar nyttar teknologi og data for å fastsetje kva ein skal betale for forsikringane.

– Med smartforsikringar utnyttar vi moglegheitene som ligg i teknologi og data på ein smartare måte. Vi går frå å rykke inn etter skaden har skjedd til å førebygge at skaden i det heile tatt skjer. Det er store moglegheiter for å spare samfunnet for mykje pengar med slike forsikringar, seier Lillian Breivik, regionbanksjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

I samarbeid med Trygg Trafikk

Smart bilforsikring blir innført av banken i samarbeid med Trygg Trafikk, som rosar initiativet til Sparebank 1-alliansen.

– Kvart år døyr eller skadast eit betydeleg tal nordmenn fordi dei køyrer hardt og ikkje er merksame nok i trafikken. Vi i Trygg Trafikk ønskjer færrast mogleg ulukker på vegen, og teknologiske løysingar som motiverer til betre flyt i trafikken er eit viktig steg i rett retning. God flyt krev merksemd, og god merksemd reddar liv, seier Jan Johansen, direktør i Trygg Trafikk, i ein uttale.

Måler køyreåtferd

Køyreåtferda til den enkelte sjåfør blir målt gjennom ein smartplugg, som ein set inn under rattstamma på bilen.

– Den hentar inn data, og overfører det til mobiltelefonen via Bluetooth. Denne informasjonen vil så mellom anna avgjere kva for premie ein som forsikringstakar må betale. Køyrer sjåføren med flyt – med mindre bråbrems, hard akselerasjon og bråsvinging, oppnår ein god køyrescore. Årsaka til at ein gjer dette, årsaka til at vi tilbyr ein slik type forsikring, er for å gjere kundane våre til tryggare sjåførar, men også for å førebygge skadar og ulukker på norske vegar generelt, seier Kjell Frode Ervik og legg til:

– Ei undersøking gjennomført av Respons Analyse, gjort på oppdrag av Sparebank 1, viser at kundane ønskjer slike typar, potensielt livreddande smartforsikringar velkommen.