Torsdag var arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) på besøk hos Marin Teknikk i Dragsund Industriområde, etter at ho tidlegare på dag var innom jobbmessa NAV arrangerte i Ørsta. Ministeren vart imponert over det ho fekk høyre då administrerande direktør Svein-Rune Gjerde og finansdirektør Arild Hatløy heldt ein presentasjon for henne og følgjet hennar.

- Eg er mektig imponert over kva Marin Teknikk har fått til gjennom det som har vore og framleis er svært tøffe tider. Det er kjekt at dei har hatt god nytte av BIO-midlane, seier Hauglie til Vikebladet Vestposten.

Så kom dei nemnte BIO-midlane (bedriftsintern opplæring) som Marin Teknikk har blitt tildelt gjennom NAV i fokus. Dette er pengar som har hatt stor betydning for verksemda i ein krevjande omstillingsfase, kunne Gjerde fortelje.

Med på møtet med arbeidsministeren var også mellom anna salsdirektør Richard Gjerde, NAV-leiar i fylket, Stein Atle Veland, og ordførarane i Herøy og Hareid, høvesvis Arnulf Goksøyr (H) og Anders Riise (H). Sistnemnde var til stades i kraft av at han er fjerdekandidat på Møre og Romsdal Høgre si stortingsliste.

Frå nær kollaps til nye marknadar

Finansdirektør Arild Hatløy kunne fortelje til forsamlinga at i 2015 fall mykje av kjernemarknaden til Marin Teknikk vekk. Dette gjaldt for det meste olje- og gassrelatert tonnasje, og det var i denne tidsperioden krisa innanfor den maritime næringa for alvor slo innover Søre Sunnmøre.

- På denne tida hadde vi allereie byrja å jobbe inn mot nye marknadar. Vi såg blant anna at det innanfor yachtmarknaden var eit potensiale til å ta unna ein viss grad av det vi tapte ved at det ikkje blei kontrahert nye offshoreskip. Samstundes såg vi at dette førte til eit behov for å implementere nye verktøy og applikasjonar, for å igjen stette behovet frå ein marknad med litt andre krav enn vi var vande til. I tillegg ville vi gjere det vi kunne for å halde på folka våre og aktivisere dei, fortel Arild Hatløy og legg til:

- Vi har gjennom mange år bygd opp ein stor kompetanse i denne verksemda. Vi vil halde på den, så langt vi klarer.

Hausten 2015 såg Marin Teknikk at ein hadde behov for å gjere ein del ting for å komme i ein betre posisjon innanfor yacht- og cruisemarknaden generelt.

- Vi ønskte blant anna å oppgradere kompetansen innanfor 3D og regelverk, seier Hatløy.

Tilfeldig kontakt med NAV

Hatløy fortel at Marin Teknikk nærmast tilfeldig kom i kontakt med NAV i forhold til BIO-midlar til bedriftsintern opplæring. Faktisk blei Marin Teknikk den første verksemda i Møre og Romsdal som fekk tilslag på BIO-midlar.

- Vi såg på moglegheitene som låg der. No i ettertid ser vi at ved å søkje om BIO-midlar unngjekk vi å gjere permitteringane vi hadde sett føre oss. Vi hausta gode erfaringar med prosessen knytt til opplæring og kompetanseheving. Ut på hausten 2016 køyrde vi ei andre fase på opplæring, der vi fekk ytterlegare støtte frå NAV. Til saman har vi fått nokre millionar i støtte, og det er vi takksame for, seier Arild Hatløy.

Hatløy fortel at Marin Teknikk gjennom støtta har blitt meir konkurransedyktige, blitt meir effektive i arbeidsprosessane sine, og gjort verksemda i stand til å ta tilbake ein del av arbeidsoppgåvene dei tidlegare måtte setje ut til utlandet.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie fekk fyrstehands erfare kva som må til for å teikne ein båt, slik Marin Teknikk jobbar. Erling Johan Rovde og Helge Trond Roppen (t.h.) fortalde ho om prosessen. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.