Det gode resultatet kjem trass i at selskapet slakta færre laks enn i same perioden i fjor, skriv Sunnmørsposten.

Den beste innteninga per kilo laks hadde laksegiganten i Canada og Skotland, mens Chile står for dei svakaste tala. I Noreg gav kvar kilo laks ein gevinst på vel 23 kroner, i Canada på over 30 kroner.

Marine Harvest hadde i 2016 eit operasjonelt driftsresultat på rundt 6,5 milliardar kroner (700 millionar euro), også det ei dobling av resultatet frå året før.