Lukkeleg gjeng Fra venstre ser ein Trond Håkon Schaug-Pettersen, Ola Holen, Roger Hofseth, Ole Peter Brandal og Kjetil Opshaug.

Lukkeleg gjeng Fra venstre ser ein Trond Håkon Schaug-Pettersen, Ola Holen, Roger Hofseth, Ole Peter Brandal og Kjetil Opshaug.

Hareidsreiarlaget Intership:

Sikra seg ny kontrakt

Hareid-baserte Intership skal operere ny brønnbåt kontrahert av Fjordlaks Aqua.

Fjordlaks Aqua har gjennom sitt heleigde dotterselskap Aqua Shipping AS kontrahert ein brønnbåt med eit brønnvolum på 1400 kubikkmeter hos Vard. Båten skal leverast medio 2018. Det skriv Intership i ei pressemelding.

Intership har vore sentral i design - og kontraktsarbeidet og skal følgje bygginga av skipet tett. Etter ferdigstillinga av båten vil Intership ta den inn i ein fem år lang såkalla Bareboat-avtale med Aqua Shipping, og vidare inn i eit såkalla Time Charter på 5 år mot Fjordlaks Aqua.

- Med denne strukturen sikrar vi at drifta av fartøyet skjer ved å nytte ein profesjonell partnar som har fullt ansvar for drift, vedlikehald og kvalitet på tenesta, seier Roger Hofseth, administrerande direktør i Fjordlaks Aqua, og legg til:

- I prosjektfasen har det vore nødvendig og betryggande å ha med Intership med flåtesjef Kjetil Opshaug som prosjektleiar. Sluttføringa av design og kontrakten er krevjande og komplisert, og fordrar ein profesjonell partnar som Intership.

Brønnbåt nummer fem

Reiarlaget Intership sikrar seg med dette brønnbåt nummer fem på kontrakt, etter at selskapet starta sin operative aktivitet i april 2014. Forutan denne båten til Fjordlaks Aqua, opererer Intership ein båt for Grieg Seafood ASA i Finnmark, ein båt for Marine Harvest i Skottland og to båtar for Marine Harvest i Canada.

Selskapet har dermed på kort tid klart å bli ein betydeleg brønnbåtaktør.   

- Vi er glade og stolte over å ha blitt partnaren til Fjordlaks Aqua i dette prosjektet. Vi trur at fleire oppdrettarar vurderer same struktur som Fjordlaks Aqua no har gått for, og dei blir ei god referanse for oss, seier administrerande direktør i Intership AS, Ole Peter Brandal. 

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Oktober-billettane vart fort rivne vekk

Nytt føredrag i februar

Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale samanlikna formuesskatten med friidrett:

- Som å starte 40 meter bak konkurrentane

Verdsmeisteren stod på stand for Jets:

Ingrid og Astri fekk møte sin store helt

Klima- og miljøvernministeren om Jets:

- Har mykje å bidra med