Seismikkfartøyet Polarcus Amani, levert frå Ulstein Verft i 2012, skal gå på ei 5,5 års utleigekontrakt med russiske Sovcomflot, skriv Hegnar.no.

Avtalen er signert, og Polarcus har overlevert skipet til Sovcomflot, på ein såkalla Bareboat-avtale. To av dei fire skipa til Polarcus er inne i Bareboat-kontrakter.

Ein Bareboat-avtale er ein avtale der eit skip leigast ut utan mannskap. All risiko fell på leigetakaren, medan den som eig skipet får leigeinntekter frå leigetakaren.