Det er ConocoPhillips Skandinavia AS som har teikna kontrakt med Solstad Offshore kring forsyningsskipa Normand Server og Normand Supporter. Det skriv Sysla.no.

– Vi er godt nøgde med dette. Det er vesentleg kjekkare å aktivere båtar enn å leggje dei i opplag, seier Lars Peder Solstad, administrerande direktør i Solstad Offshore til Sysla.

Gir jobb til mange

Kontrakten blei først kjent gjennom ei børsmelding som blei sendt ut måndag ettermiddag. Begge skipa, som under Rem-eigarskap segla som Rem Server og Rem Supporter, ligg i opplag. Dei blei med over i Solstad-flåten etter oppkjøpet av Rem. Men, når dei no skal i drift igjen, får opp i mot 50 sjøfolk kome tilbake i jobbane sine.

– Vi ser føre oss rundt 50 arbeidsplassar som følgje av kontraktsinngåinga. Vi har en del ute i permisjonar, og ein del som er sagd opp som blir aktuelt å hente inn igjen, seier Solstad og båtane som begge er NOR-registrerte. Det vil seie at det blir stilt krav om norsk mannskap.

Kontraktane har ifølgje Sysla.no ei lengd 4 år og åtte månadar kvar, i tillegg til tre årlege opsjonar. Oppdraga startar omgåande.