Aker Biomarine får kjøpe kriltrålaren «Juvel» med konsesjon frå konkursbuet etter Emerald Fisheries, opplyser bustyrar Thore Heggen til Fiskeribladet.

Med det aukar Aker Biomarine talet på tre kriltrålarar med konsesjon i Sørishavet frå to til tre.

Stig Remøy og Rimfrost var òg med i bodrunden, men nådde ikkje opp. Remøy eig den fjerde og siste konsesjonen på krilfiske i Sørishavet, og torsdag vart det kjent at han skal byggje ein ny kriltrålar.

Rimfrost har klaga avgjerda om å gi Aker Biomarine den tredje av dei fire krilkonsesjonane til Nærings- og fiskeridepartementet.

Rimfrost har òg vore den største eigaren i Emerald Fisheries. Mens Emerald har stått for drifta av «Juvel», har Rimfrost tatt seg av vidareforedling og sal av krilprodukta.

Aker Biomarine har i tillegg til kjøpet av «Juvel» tinga ein ny kriltrålar.