Halliburton, Trendsetter Engingeering og C-Innovation har forma ein strategisk allianse der det 160 meter lange offshore konstruksjonsfartøyet Island Venture, bygd ved Ulstein Verft og levert i januar i år, skal tilbydast kundar i Mexicogolfen (Gulf of Mexico, GOM). Eit fartøy som er svært teknologisk avansert. Det skriv gCaptain.

Allianse

Grunnen til at desse selskapa går saman i ein allianse, er fordi dei då kan tilby eit fartøy som er utstyrt med utstyr frå alle tre aktørane, og som difor vil stå sterkare blant dei andre alternativa i marknaden.

- Vår kombinerte tilnærming har allereie resultert i suksessfulle oppdrag der ein har klart å redusere prosjektkostnadar, gjort operatørane i stand til å gjere meir arbeid, og skapt verdiar i eit miljø med tradisjonelt sett høge kostnadar, seier Mario Lugo, styreformann og administrerande direktør i Trendsetter.

- Møter dei fleste krav

Skipet vart sjøsett og ferdigstilt i 2015. Skipet var med andre ord klart i over eitt år før det endeleg fekk segle over til USA tidlegare i vår. Det blei overtatt av Island Ventures V LLC, som er eit samarbeidsselskap mellom amerikanske Edison Chouest Offshore og Ulsteinvik-baserte Island Offshore. No skal det altså i arbeid for denne strategiske alliansen, som mellom anna Chouest-familien er inne i.

Les også: - Veldig hyggeleg

- Vårt nyaste skip, Island Venture, er rekna som det mest kapable multifunksjonelle forsyningsskipet i regionen og kanskje verda, seier Dino Chouest, administrerande direktør i C-Innovation, og legg til:

- Utstyrt med teknologi frå alle tre selskapa, møter fartøyet dei fleste krav sett til subsea-arbeid.