Windea Leibniz er eit serviceskip til offshorevindindustrien. Det vart døypt ved Ulstein verft i byrjinga av mars, og skipet har fått mykje merksemd. No skriv Ulstein på sine nettsider at Windea Leibniz er eitt av skipa som kan vinne den prestisjetunge "Ship of the year"-prisen som blir delt ut av Skipsrevyen.

Skipet er eitt av dei første som vart levert med både X-bow og X-stern. Skipet arbeider på Sandbank-vindfarmen utanfor Tyskland for Siemens Wind Power Service, der det er med på å sikre produksjonen av fornybar energi frå 72 vindturbinar.

Les også: Skipsdåp i nydeleg sol