Det blir ein innhaldsrik dag utanfor Sparebank 1 Søre Sunnmøre sine lokale på Geileneset i Ulsteinvik komande onsdag. Då er nemleg den norske smøretraileren på plass og i tillegg kjem landslagsutøvar Ingvild Flugstad Østberg og landslagssjef Ole Sjur Svarstad.

– Sparebank 1 er ein stor samarbeidspartnar og hovudsponsor for langrennslandslaget. Vi har prøvd å få utøvarar og smøretraileren hit også tidlegare, men dette er populære folk og det er mange om beinet, fortel Lillian Kleven Breivik som er regionsjef for privatmarknad i banken.

No har det likevel lukkast, og Kleven Breivik fortel at Ulsteinvik har blitt prioritert denne gongen sidan det er ti år sidan oppstarten i Ulsteinvik.

Dermed blir det opplegg på Geileneset store delar av dagen, og smøretraileren blir open for alle.

– Då kan folk kome og sjå alt utstyret dei har med seg. Det blir høve til å prøve rulleski og ein kan teste stakemaskina deira for å sjå korleis forma er samanlikna med eliteutøvarane, seier Kleven Breivik.

Med Ingvild Flugstad Østberg, OL-vinnar frå Sotsji, på plass i Ulsteinvik blir det også ein del aktivitet.

– Ho kjem til å vere der heile dagen og skal mellom anna gjennomføre ei treningsøkt saman med elevar frå idrettslinja på Ulstein vidaregåande. Utpå ettermiddagen blir det også ei treningsøkt for barn og unge saman med Flugstad Østberg og landslagstrenar Svarstad, fortel ho.

I tillegg blir det lagt opp til eit lukka arrangement på kveldstid der banken vil invitere lag og organisasjonar til føredrag om å vere gode saman, som blir heldt av Svarstad og Flugstad Østberg.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre får besøk av "smørebussen" til det norske langrennslandslaget.