I prosessen med å selje unna store delar (49 prosent) av dei 67 prosent av aksjane som dei eigde i Fjord 1 til eksterne investorar, har Per Sævik og hans Havilafjord AS fått inn kring 1,5 milliardar kroner. Desse pengane skal igjen gå til å kjøpe dei 33 prosenta Sogn og Fjordane framleis sit på, som utgjer opsjonen Per Sævik og Havilafjord kan løyse inn. Det skjer så raskt fylkeskommunen får fart på prosessen. Det skriv Bergens Tidende.

Salet av aksjane til Havilafjord vil igjen gjere Sævik-familien sitt selskap til majoritetseigar i Fjord 1, med 51 prosent av aksjane.

Blant dei som skal ha kjøpt 49 prosent av aksjane Havilafjord eigde finn ein til dømes Frederik Wilhelm Mohn, som skal ha nytta 250 millionar kroner for å sikre seg ein solid del av desse aksjane. Ifølgje Dagens Næringsliv kosta aksjeposten Per Sævik sat på han rundt 345 millionar kroner, og med salet av ein stor del av desse til ein sum på 1,5 milliardar kroner har han altså tent ein milliard på ferjeselskapet.

No ønskjer han også å ta selskapet på børs, noko som truleg vil skje om kort tid.