Konseptet Æra, som blei starta i november 2015 av Johannes Christian Riise og Aleksander Håskjold hadde som ambisjon å vere ein ny tilvekst til eit godt handelsmiljø i eit godt handelsssentrum i Ulsteinvik.

- Regionalt meinte vi at Ulsteinvik var den beste plasseringa for dette, sidan det over tid har vore god vekst og tilstrøyming av handlande. Etter ei fantastisk mottaking og godt besøk i oppstarten, blei nedgangskonjunkturen etter kvart så tøff at den fekk ein kritisk konsekvens. 2016 var starten på det første reelle året for Æra, og etter å ha justert både budsjett og ambisjonar, fullførte vi første år. 2017 starta diverre med sviktande omsetning og det gjekk hardt utover oss som i ei oppstartsfase var svært avhengige av jamn omsetning. Etter vel eit og eit halvt år vel vi no å legge ned forretninga, skriv Æra på sine Facebook-sider.

- Med tungt hjarte

Vidare skriv dei:

- Optimistisk og engasjert satsing på mote var utgangspunktet for satsinga vår, og det er med tungt hjarte vi ser at draumen om eit konsept utover ein vanleg klesbutikk i Ulsteinvik, ikkje let seg realisere. Vi vil rette ein stor takk til alle som har besøkt og handla med oss, og for alle gode tilbakemeldingar rundt konseptet!

Aleksander Håskjold vil halde fram med sitt engasjement og arbeid med butikken Capone Molde AS og Johannes Christian Riise går tilbake til jobben som dagleg leiar hjå T.Riise AS på Hareid.

Vikebladet Vestposten kjem med meir.