May-Britt Roald, leiar av gründerhjelpa hoppid.no, meiner auken har ein klar samanheng med nedgangen i oljeindustrien.

- Det er positivt å sjå at folk ser moglegheiter i nedgangstider og at dei omstiller seg. Fleire av dei vi møter, har hatt tankar og idear om å starte for seg sjølve i fleire år. No er tidspunktet rett for å realisere draumen om å etablere eiga bedrift, seier Roald.

For heile fylket er det ein auke i talet på nyetablerte bedrifter på 4,5 prosent. I Hareid har talet på nyetableringar auka med 2 frå i 2015 til 2016 (38 til 40), medan det i Ulstein har auka med 8 (77 til 85).

Fleire spør om råd

Mange hoppid.no-kontor har opplevd at stadig fleire gründerar kjem innom kontoret for å spørje om råd.

- Vi har hatt stor pågang frå personar som treng å diskutere forretningsidéane sine, seier Roald.

Robert Voldnes, hoppid.no-kontakt for Herøy, Hareid og Ulstein fortel om ein gryande optimisme.

- Det verkar som om situasjonen er meir avklart og at dei store verfta har klart seg gjennom omstillinga, seier Voldnes.